Utferds-dråpa

(Per Sivle)

Ut, ja ut,
det var nordmanns trå,
solenge her nordmenn beid.
Ut ifrå krake,
krykle og krå,
ut ifrå fjøra og heid.

Ut imot aust
og ut imot vest
og ut imot sud og nord,
ut som for kvar
det høvde seg best,
- ut frå sin heimens fjord!

Ut frå stengsla,
dimma og skodd,
ut imot dag og dåd.
Ut for å bryna
brodd imot brodd
og røyna dei krappe råd.

Ut for å fara,
ut for å sjå,
ut gjennom sjoroks eim,
ut til for vågal
vinning å slå,
ut – for å venda heim.