"Berre ein hund" - Beredskap for kjæledyr

Publisert av Fredrik Galtung den 02.03.26.

«Berre ein hund.»

Slik kan det seiast. Slik blir det sagt.

I forteljinga Berre ein hund av Per Sivle er det nett denne formuleringa som ber heile den moralske spenninga i teksten. Det som for somme er «berre» eit dyr, er for andre ein ven, ein livsledsagar, ein del av familien – eit vesen som ventar, som stolar, som elskar utan atterhald.

I 2026 markerer Noreg Totalforsvarsåret. Vi skal øve, planleggje og styrkje den samla motstandskrafta vår. Vi snakkar om beredskap, eigenberedskap, evakuering og tilfluktsrom. Men midt i alle planverk og forskrifter ligg eit stille og djupt menneskeleg dilemma:

Når sirenene går – kven får bli med ned?

Når tryggleiken krev avkall

Etter gjeldande regelverk er det ikkje tillate å ta med kjæledyr i offentlege tilfluktsrom i Noreg. Bakgrunnen er forståeleg: tronge rom, allergiar, hygiene, tryggleik og kapasitet. Eit tilfluktsrom er dimensjonert for menneske.

Likevel har debatten vakse dei siste åra. Fleire mediesaker har vist at mange eigarar opplever situasjonen som eit reelt moralsk dilemma: Skal dei søkje vern – og forlate dyret? Eller bli verande?

Organisasjonar som NOAH – for dyrs rettar har teke til orde for at dyr må takast med i planlegginga av nye tilfluktsrom. Spørsmålet har òg vore løfta i politiske forum, der Justis- og beredskapsdepartementet har vist til dei praktiske utfordringane og ansvaret for tryggleiken til alle.

Dette er ikkje ein teoretisk diskusjon. Under krigen i Ukraina har vi sett menneske flykte med kattar i bur og hundar i band. I kriser grip vi etter det vi elskar.

Og for mange er det ikkje «berre ein hund».

Totalforsvar handlar om meir enn betong

Totalforsvaret byggjer på ein enkel idé: Heile samfunnet skal stå saman i krise. Styresmakter, næringsliv, frivillige – og enkeltmenneske.

Men totalforsvar er ikkje berre logistikk og infrastruktur. Det handlar om tillit. Om lojalitet. Om at folk faktisk følgjer råd og søkjer vern når det trengst.

Kva skjer dersom dei ikkje gjer det?

Dersom ein del av befolkninga vel å bli utanfor tilfluktsrommet fordi dei ikkje vil forlate dyret sitt, skaper vi eit nytt risikobilete. Då får vi ein situasjon der regelverket – meint å redde liv – indirekte kan bidra til å setje liv i fare.

Frå eit risikofagleg perspektiv (og her vil mange som arbeider med beredskap og sannsynsvurderingar kjenne att problemstillinga) handlar dette om menneskeleg åtferd under press. Regelverk må ta høgd for korleis folk faktisk kjem til å handle – ikkje berre korleis vi meiner dei bør handle.

«Berre» – eit ord som reduserer

I Sivle si forteljing ligg krafta i kontrasten mellom det ytre blikket og den indre røynda. «Berre ein hund» kan seiast med eit skuldertrekk. Men for den som står i relasjonen, er det aldri berre.

I dagens Noreg reknar ein med at over halvparten av hushalda har kjæledyr. For einslege kan dyret vere den næraste relasjonen dei har. For barn er det ofte den første erfaringa med ansvar og omsorg. For eldre kan det vere skilnaden mellom isolasjon og fellesskap.

I kriseplanlegging snakkar vi ofte om sårbare grupper. Kanskje må vi òg erkjenne at bandet mellom menneske og dyr er ein faktor som påverkar korleis folk responderer i krise.

Eit spørsmål om prioritering – og kreativitet

Motargumenta er reelle. Tilfluktsrom er ikkje utforma for dyr. Allergiar kan få alvorlege konsekvensar. Frykt og stress kan påverke både dyr og menneske i tronge rom.

Men Totalforsvarsåret 2026 bør vere ei anledning til å stille spørsmålet på nytt:

Er dagens løysing den einaste moglege?

Kan ein i framtidige anlegg planleggje for separate soner? Kan ein etablere standardar for bur og handtering? Kan ein differensiere mellom offentlege rom og mindre, lokale løysingar?

Dette handlar ikkje om å undergrave tryggleiken. Det handlar om å erkjenne eit reelt dilemma – og søkje betre løysingar enn eit kategorisk nei.

Når sirena går

Førestill deg situasjonen:

Du står i døropninga. Telefonen varslar. Sirena uler. Du har ti minutt.

Hunden/katten ser på deg. Han forstår ikkje geopolitikk. Han forstår ikkje forskrifter. Han forstår berre at du er alt han har.

Du veit at du ikkje får ta han med.

Kva gjer du?

Totalforsvaret føreset at du går.

Men mennesket er ikkje berre eit rasjonelt vesen. Vi er bundne av lojalitet, kjærleik og ansvar – òg for dei som ikkje kan tale si eiga sak.

Ein nasjonal spegel

Kanskje er spørsmålet om dyr i tilfluktsrom mindre enn dei store tryggingspolitiske linjene. Kanskje er det, i det store biletet, «berre» ein detalj.

Men nettopp i slike detaljar ser vi kva slags samfunn vi ynskjer å vere.

Totalforsvaret handlar om å stå saman. Då må vi òg våge å snakke om dei banda som faktisk bind oss.

For somme er det «berre ein hund».

For andre er det eit liv dei ikkje kan forlate.

For dei som ynskjer å vurdere beredskapen for kjæledyret sitt, har Sivle-laget utarbeidd den vedlagde beredskapsplanen: