Per Sivle og unionsoppløysinga 7. juni

Publisert av Fredrik Galtung den 07.06.26.

7. juni er ein offisiell flaggdag i Noreg. Denne dagen minnest vi Stortinget sitt vedtak i 1905 om å oppløyse unionen med Sverige og slå fast Noreg som ein sjølvstendig stat.

Unionen mellom Noreg og Sverige varte frå 1814 til 1905. Etter Napoleonskrigane vart Noreg overført frå Danmark til Sverige gjennom Kieltraktaten. Noreg vedtok likevel si eiga grunnlov på Eidsvoll 17. mai 1814 og forsøkte å bli sjølvstendig. Etter ein kort krig same året gjekk Noreg inn i ein personalunion med Sverige, der landa hadde felles konge og utanrikspolitikk, men eigne lover, institusjonar og storting.

Gjennom 1800-talet vaks den norske nasjonalkjensla, og krava om større sjølvstende vart stadig sterkare. Striden om norsk kontroll over utanrikstjenesta vart til slutt avgjerande. I 1905 vedtok Stortinget å oppløyse unionen, og etter ei folkerøysting og forhandlingar med Sverige vart unionsoppløysinga gjennomført på fredeleg vis.

Oppløysinga av unionen i 1905 markerte starten på Noreg som ein fullt sjølvstendig stat og er rekna som ein av dei viktigaste hendingane i moderne norsk historie.

Når vi markerer denne dagen, er det naturleg å minnast Per Sivle (1857–1904). Han fekk ikkje oppleva unionsoppløysinga, men få forfattarar skreiv så sterkt om norsk sjølvstende, nasjonalt ansvar og tru på framtida som han gjorde. Diktinga hans peika fram mot 1905, og han vert med rette omtala som ein nasjonal kampdiktar.

Særleg i dikt som Vi vil os et land, Noreg, Samles skal Norge, Til Norge!, Vilje og Torgny Lagmann møter vi den same tanken: eit folk må tru på seg sjølv, ta ansvar for eiga framtid og stå samla når viktige avgjerder skal takast. Songen Vi vil os et land vart mykje nytta i åra fram mot 1905 og fekk ei særleg rolle i den nasjonale rørsla som arbeidde for større norsk fridom.

Men Sivle var meir enn ein nasjonalskald. Dikt som Giv Agt!, Ja, sig det!, Vi har ikkje Raad og Hellig og kjær er os Pligten vi fylder minner oss om at fridom òg krev ansvar, mot og pliktkjensle. I diktet Nerver finn vi den personlege kampen som gjekk hand i hand med den nasjonale. Nettopp denne samanhengen mellom mennesket sitt indre liv og nasjonen si utvikling gjer Sivle aktuell også i dag.

På 7. juni kan vi difor ikkje berre heise flagget til minne om det som hende i 1905. Vi kan òg minnast Per Sivle, som gjennom diktinga si gav språk til håpet om eit fritt og sjølvstendig Noreg. Mange av verdiane han løfta fram – samhald, ansvarskjensle, demokrati og vilje til å byggje landet vidare – er framleis verdt å ta vare på.

I anledning 6. juni 2026, kan vi fremheve Sivle-diktet

Til Norge!

Held dig Norge, vort Fædreland!
   Din Ære er vor,
   din Ret vore Sønners til seneste Aar.
Held dig Norge, vort Fædreland!

Held dig Norge, vort Fædreland!
   Her gror dig en Arv
   af sterkere Viljer og sundere Marv.
Held dig Norge, vort Fædreland!

Held dig Norge, vort Fædreland!
   Her gryr mod en Dag,
   da Nordmænd ei skilles ved Norriges Flag.
Held dig Norge, vort Fædreland!

Held dig Norge, vort Fædreland!
   Ved Ord og ved Daad
   du æret skal bænkes i Folkenes Raad.
Held dig Norge, vort Fædreland!