Ei helsing før sommarferien

Publisert av Fredrik Galtung den 01.07.26.

Med sommarferien like om hjørnet for dei fleste, og juni som nå glir over i juli, passar det godt å dele fyrste verset av Per Sivle sitt vakre dikt Svalen.

Sivle-laget arbeider for å halde arven etter Per Sivle levande – gjennom formidling, arrangement, artiklar og prosjekt som gjer diktinga og tankane hans kjende for nye generasjonar.

Medlemskontingenten er den viktigaste inntektskjelda til Sivle-laget. Difor er vi heilt avhengige av både trufaste og nye medlemmer for å kunne halde fram arbeidet med å ta vare på, formidle og skape interesse for Per Sivle si dikting og livsgjerning.

Har du glede av artiklane våre og ynskjer at arbeidet skal halde fram, vonar vi du vil bli medlem i Sivle-laget. Som medlem er du ikkje berre med på å ta vare på ein viktig del av norsk kulturarv – du får òg medlemsbladet Gamla-Marta, tilsendt invitasjonar til arrangement og kulturvandringar, nyheitsbrev og høve til å ta del i eit levande fellesskap rundt Per Sivle og forfattarskapen hans. Vi ynskjer nye medlemmer velkomne i alle aldrar. Du melder deg enkelt inn på Bli medlem.

Det er også kjærkommet med økonomiske bidrag til arbeidet vårt, der du støtte Sivle-laget med eit valfritt beløp på Vipps: #530306 ("Sivle-laget").

Kvart nytt medlem og kvart einaste støttebidrag er med på å ta vare på og formidle arven etter Per Sivle – til glede og inspirasjon for både dagens og framtidige generasjonar.

Svalen

(Fyrste vers)

Det var sig saa solblank en Junidag

— kvivivivivit, kvivivit, kvivivit! —

Svalen hun sad oppaa Laavetag:

kvivivivivit, kvivivit!

"Mor, Mor, saa sig mig da:

hvor kom Svalen fra?

hvor kom Svalen fra?“

"Fra Afrikas Strand,

fra Palmetop

over Hav og Land

hun hasted herop;

hun længted at gjeste sit Rede igjen.“

— Naar Sommeren kommer til Norge,

saa kommer Svalen med den.