
Frå Flåm til Memphis – Sivle-laget skapte blest om Per Sivle på Elvis-festivalen
Korleis heng Per Sivle og Elvis Presley saman? Det var spørsmålet mange fekk svar på då Sivle-laget deltok på The Norwegian Elvis Festival i Måløy (30. juli - 1. august 2026) med føredraget “Frå Flåm til Memphis”.
Gjennom to godt besøkte føredrag tok styreleiar Fredrik Galtung publikum med på ei reise mellom Vestlandet og Memphis. Med utgangspunkt i Per Sivle og Elvis Presley viste han korleis to ikon frå heilt ulike kulturar og epokar likevel deler fleire felles tema – mellom anna identitet, utanforskap, heimlengsel, tru og kjærleiken til mor.

Ein ny inngang til Per Sivle
Føredraget synte at Per Sivle kan formidlast på nye og uventa måtar. Mellom dei meir humoristiske innslaga var påpeikinga at «Sivle» er «Elvis» skrive baklengs, medan dei djupare perspektiva viste korleis begge kunstnarane gav stemme til menneskelege erfaringar som framleis er aktuelle.
Målet var ikkje å samanlikna dikt og rockemusikk, men å skapa nysgjerrigheit kring Per Sivle hjå eit publikum, som kanskje aldri tidlegare hadde møtt forfattarskapen hans.

Stor interesse frå publikum
Responsen frå festivalpublikummet var over all forventning. Etter begge føredraga kom fleire bort for å snakka om Per Sivle og fortelja at dei hadde fått eit heilt nytt inntrykk av diktaren. Nokre valde til og med å høyra føredraget ein gong til dagen etter.
Fleire sa òg at dei ville vitja Sivle-laget sine nettsider for å læra meir om Per Sivle og forfattarskapen hans. Festivalsjef Helge Hjelle omtala føredraget som «eit flott innslag under festivalen».

Byggjer bru mellom kulturar
Føredraget var ei vidareutvikling av eit innlegg som fyrst vart presentert under Sivle-seminaret på Lista i 2025. Til Elvis-festivalen vart innhaldet utvida med fleire historiske og kulturelle perspektiv.
Som avslutning fekk publikum sjå eit video-opptak der Kjell Elvis Bjørnestad framfører Per Sivle sitt dikt Den fyrste songen til melodien Amazing Grace. Innslaget understreka korleis ulike kulturuttrykk kan møtast gjennom felles mennesklege verdiar.

Viktig formidlingsarbeid
For Sivle-laget er deltaking på arenaer som Elvis-festivalen ein del av arbeidet med å halda Per Sivle levande for nye generasjonar. Når eit publikum som fyrst og fremst kjem for Elvis, går heim med lærdom om ein norsk diktar frå 1800-talet, viser det at nye formidlingsgrep kan opna dører til kulturarven vår.