Vinteren er her – la oss møta han med glede, omtanke og beredskap
Snøen har lagt det kvite teppet sitt over landskapet. Trea vil atter bøya seg under vekta av snøen, lydane vert dempa, og mellom dei snøkledde greinene skimtar vi ljoset. Vinteren har kome med si særmerkte ro og venleik.
Det er tid for knitrande snø under føtene, raude kinn, skiturar, leik og gode stunder framfor peisen. For mange vekkjer vinteren òg gode barndomsminne – slik han gjorde hjå Per Sivle då han skreiv diktet «Vinter».
Men Sivle lèt oss ikkje dvela ved vintergleda åleine. Med røynsle og innsikt frå vaksenlivet, minner han oss om at den same vinteren som gjev somme glede, kan føra med seg kulde, svolt og uro for andre.
Når vinteren set oss på prøve
Sjølv om samfunnet har endra seg mykje sidan Sivle si tid, er bodskapen hans framleis aktuell. Ikkje alle har ein varm heim, nok klede, mat på bordet eller råd til å betala alle rekningane. For somme vert òg einsemda meir merkbar når kulda og mørkret set inn.
Vinteren minner oss dessutan om kor sårbart det moderne samfunnet vårt kan vera. Kraftig snøfall, stengde vegar, langvarige straumbrot og bortfall av kommunikasjonstenester m.m. kan utfordra tryggleiken vi elles tek for gitt.
No når vi nærmar oss slutten av Totalforsvarsåret 2026, er det naturleg å spyrgja oss sjølve om vi er godt nok førebudde. Norske styresmakter tilrår at flest mogleg skal kunna klara seg sjølve i ei veke. Har vi nok mat, drikkevatn og naudsynte medisinar? Har vi høve til å halda varmen dersom straumen vert borte?
God beredskap handlar ikkje om å leva i frykt, men om å skapa tryggleik gjennom førebuing. Og sjølv om Totalforsvarsåret snart er over, tek ikkje behovet for beredskap slutt ved årsskiftet.
Ver ein beredskapsven
Beredskap handlar like mykje om menneske som om forsyningar og utstyr. Om å kjenna naboane sine, stilla opp for kvarandre og sjå dei som treng ei hjelpande hand.
Kanskje er det nokon i grannelaget som treng hjelp til å måka snø, handla mat eller koma seg til legen? Kanskje kjenner du nokon som ville setja pris på ein telefon, ei vitjing, eit varmt måltid eller ein invitasjon inn i varmen?
Motstandskrafta i eit samfunn vert òg bygd gjennom slike små handlingar.
Lat vinteren verta ei god tid for alle
Lat oss nyta venleiken i vinterlandskapet, gleda over snøen og dei gode stundene årstida fører med seg. Lat oss kle oss etter vêret, bruka refleks i mørkret og ferdast varsamt på glatte vegar.
Men lat oss samstundes ta med oss den erkjenninga Per Sivle formidlar i diktet sitt: Vinteren vert ikkje opplevd likt av alle.
Lat oss møta vinteren med barnet si begeistring, den vaksne sin klokskap og medmennesket sin varme.
Sivle-laget ynskjer alle ein flott, trygg og god vinter!
Les òg meir om eigenberedskap og Totalforsvarsåret 2026 hjå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Vinter
av Per Sivle
Fra dengang jeg var Smaagut, jeg kan huske med hvad Lyst,
Vinteren fyldte mit barnlige Bryst,
hvilken jublende Fryd det gav mig at se
den islagt Tjern og den faldende Sne —
Hvor mit Hjerte i Forventningens Iver kunde slaa,
naar jeg atter fik spænde Skøiterne paa,
hvilket Liv i det flygtende Nu, naar paa Ski
jeg atter fløi nedad den hvidklædte Li.
Jeg mindes, hvor jeg yndede Digterens Pris
af den nordiske Vinter, med dens Sne og dens Is,
mens det ærgrede mig at høre en Klage som den:
«Herregud! saa har vi atter Vinter igjen!»
Jeg var endnu for ung til at se og forstaa,
der var dem, som sad og svalt i sin fattige Vraa,
som kjendte, hvor Kulden i Lemmerne sved,
og manglede Klæder og havde ei Ved.