Bergen: Forestilling med Ljodahått (inkl Sivle-tekster)

Ljodahått er eit bandprosjekt starta av den norske skodespelaren Magne Håvard Brekke, og repertoaret er henta frå det gamle og det moderne (frå Edda til Henrik Ibsen og Tarjei Vesaas). Han har samla nokon av dei beste artistane han har møtt på sine reiser i Europa; skodespelarar, musikarar og komponistar. Saman set dei musikk til desse dikta, og framfører dei på originalspråket, både bokmål og nynorsk. Med denne fusjonen skaper dei ein heilt eigenarta og heftig sjanger.

"Den sensasjonelle, internasjonalt samansette gruppa Ljodahått trollbandt dei frammøtte med tekstar frå norsk lyrikk tilført eit rytmisk fyrverkeri i Tom Waits-stil,” skreiv Dagbladets Fredrik Wandrup etter å ha sett og høyrt det norsk-fransk-tyske bandet på Kapittelfestivalen i Stavanger.

For meir informasjon, klikk her: https://www.detvestnorsketeateret.no/kalender/ljodahaatt/

Detaljer

Dato tirsdag 15. oktober 2024
Klokkeslett 19:3021:00
Kalender Åpen kalender

Sted

Navn Det Vestnorske Teateret (Logen)
Adresse
Øvre Ole Bulls plass 6
5012 BERGEN