Introduksjon / Sammendrag

Året 2020 har vore sterkt prega av COVID-19 som gjer det utfordrande å gjennomføra aktivitetar. Med mindre korona-situasjonen forhindrar oss, vil Seminar & Årsmøte 2020 bli helde i Drammen Historilag sine lokaler;

Tid: Laurdag 5. september
Sted: Strømsfjerdingen Kulturhus
Adresse: Nedre Eikervei 13, Drammen

Sosial aktivitet er planlagt i Oslo sundag 6. september.

Temaet for helga vil vera relatert til 75-års jubileet for frigjeringsdagen, og kva påvirkning Per Sivle sin dikting hadde for motstandsbevegelsen og utgivelsane av de i illegale avisene.

PÅMELDING
Vi fylgjer FHIs anbefalingar og krav mht avstand, hygiene og smittesporing. Er du frisk og utan symptom, oppfordres du til påmelding snarast.

Meld deg på ved å sende e-mail til post@sivlelaget.no, eller ring styreleiar Fredrik Galtung på mob: 900 82 258. Spesifiser om du blir med heile laurdagen, inkl . middag(evt. mat-allergi ar) og om deltakelse sundag.

PRIS

  • GRATIS for medlemmar: Lunsj (laurdag), seminar, årsmøte og Sivle-kveld.
  • Ikkje -medlemmar kr. 200,- for å delta heile laurdag. Alternativt kr. 250,- og får medlemskap ut 2020 inkludert.
  • Ikkje medlemmar betaler kr. 100,- for Sivle-kveld laurdag kl. 19.30.
  • Middag laurdag kveld må alle betale sjølve – sei ifrå om evt. matallergier!
  • Billett inn på Roseslottet sundag, må alle betale sjølve.

 
Om du ikkje får meldt deg på på førehand, er du hjarteleg velkomen uansett – med forbehold om ledig plass.

Program & Saksliste

Program for Seminar, Årsmøte og Sivle-kveld 5 - 6 september 2020, Drammen

Laurdag 5. september, Drammen Historielag sine lokaler
kl. 12:00 Frammøte, registrering og lunsj
kl. 13:00 Opning av seminar & årsmøtet v/leiar
kl. 13:15 Foredrag ved Ivar Kraglund
Tidligare leiar for Hjemmefrontmuseet,
og blant dei som kan mest om de i illegale avisene
kl. 15:00 Markering ved Per Sivle si grav
kl. 15:30 Pause med kaffi/te og kake
kl. 16:00 Frå gamal til ny tid i Sivle-laget
kl. 16:30 Årsmøte
kl. 18:00 Middag & dessert
kl. 19:30 Sivle-kveld med bl.a.; føredrag av Vidar Lieberg, song, opplesning.

Sakslista - Årsmøte 2020
Sak 1 Opning v/leiar, godkjenning av innkalling og saksliste
Sak 2 Konstituering: val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva undermøtereferatet.
Sak 3 Årsmelding 2019/2020
Sak 4 Rekneskap 2019
Sak 5 Arbeidsprogram 2021
Sak 6 Medlemspengar 2021
Sak 7 Budsjett 2021
Sak 8 Vedtektsendring – forslag vert lagt fram på årsmøtet
Sak 9 Val av styre- og varamedlemmer
Sak 10 Val av revisor og valnemnd
Sak 11 Innkomne framlegg – må vera styret i hende innan 30. august.


Sundag 6. september, Oslo
kl. 12:00 Vi møtes utanfor Roseslottet på Frognerseteren, for å sjå kunstutstillingen til Vebjørn Sand. Den er reist i anledning av at det er 80 år sidan Noreg blei okkupert i 1940, og 75 år sidan frigjeringen i 1945. Roseslottet 2020 er ein kunstinstallasjon og eit pedagogisk prosjekt som har til formål å fortelja historien om okkupasjonen av Noreg og om dei grunnleggjan de prinsippa for demokrati, rettsstat og humanisme som då ble i satt ut av kraft.


Korleis koma seg dit:
Ta t-bane nr. 1 til Frognerseteren, heilt til endestasjonen eller om du kjøyrer bil til Roseslottet, så er det ein parkeringsplass ved Øvresetertjern før Tryvannstårnet.