Seminar, Årsmøte & Sivle-kveld på Sogndal folkehøgskule, Sogndal
2 - 3 Oktober 2021

 I 2021 er det 150-års jubileum for Sogndal folkehøgskule, der Per Sivle var elev i 1872-1874. Vi har i den anledning valgt å leggja årets Seminar, Årsmøte & Sivle-kveld til Sogndal, og "i Per Sivle sine fotspor" på Sogndal folkehøgskule.

Laurdag blir det fyrst årsmøte, før vi får eit innblikk i skulen sin historie.
Det blir også jubileumsmarkering med avduking av gåve frå Sivle-laget til Sogndal folkehøgskule.

Nytt i år er at vi arrangerer Sivle-stund for barn ved Astri Sudmann, samtidig med seminaret.

Sundag tek vi turen til "De Heibergske Samlinger"/Sogn folkemuseum, for å sjå jubileumsutstillinga til skulen.

Vi held oss til FHI (Folkehelseinstituttet) sine retningslinjer for gjennomføring av Seminar, Årsmøte & Sivle-kveld.
Slik det ser ut for tida, har vi tru på ei flott Sivle-helg i Sogndal!

Program laurdag 2. oktober - Seminar, Årsmøte & Sivle-kveld 2021
Kl 1200 Frammøte, registrering og lunsj
Kl 1245 Årsmøte
Kl 1345 Pause
Kl 1400 Krudlalaget barnekor
v/ Judith Vestreim
Kl 1415 Opning av seminaret
v/ leiar Fredrik Galtung
Kl 1430 Sivle-stund for barn
v/ Astri Sudmann

Kl 1430 Foredrag v/ Mai-Evy Bakken,
tidlegare rektor Sogndal fhs
"Sogndal folkehøgskule sin
historie"
Kl 1510 Foredrag v/ Samuel Massie
"Folkehøgskulens plass
i samfunnet
"
Kl 1530
Pause
Kl 1600 Jubileumsmarkering
Song v/ Judith Vestreim
Varaordførar,
Vibeke Johnsen,
a
vduker gåve frå
Sivle-laget
Kl 1730 Pause
Kl 1830 Festmiddag
Kl 2000 Sivle-kveld
Allsidig underhaldning
med bl.a.;
Krudlalaget barnekor
Astri Sudmann
Samuel Massie
Judith Vestreim
Oddbjørn Ramstad

Saksliste for årsmøtet
Sakspapira vil gjerast tilgjengeleg via medlemsappen Gnist, samt gjerast tilgjengeleg på årsmøtet som tidligare. Om du ynskjer å få sakspapira tilsendt pr email, send ei melding til styret.

Sak 1 Opning v/leiar, godkjenning av
innkalling og saksliste
Sak 2 Konstituering: val av ordstyrar,
skrivar, 
og to til å skrive under
møtereferatet
Sak 3 Årsmelding 2021
Sak 4 Rekneskap 2020
Sak 5 Innkomne saker
Sak 6 Arbeidsprogram 2022
Sak 7 Medlemspengar 2022
Sak 8 Budsjett 2022
Sak 9 Vedtektsendringar
Sak 10 Val av styre- og varamedlemmer
Sak 11 Val av revisor og valnemnd

 Saker som skal handsamast på årsmøtet må vera styret i hende innan 18. september 2021

Program sundag 3. oktober
Kl 1100 Sogn Folkemuseum, Kaupanger
Utstilling i Helgheimstova:
Sogndal Folkehøgskule
gjennom 150 år
Museet har også ei
fotoutstilling av elevar ved
Sogndal Folkehøgskule

Kl 1300 Avslutning med lunsj på
Sogn Folkemuseum

Pris - Laurdag
Medlemmar i Sivle-laget får lunsj, seminar, årsmøte og Sivle-kveld GRATIS

 Ikkje-medlemmar:

  • kr 200,- for lunsj, seminar og Sivle-kveld, eller;
  • kr 100,- for lunsj og seminar (dagtid)
  • kr 100,- for Sivle-kveld (kveldstid)

Eller kva med å betale kun kr 250,- og delta heile laurdag (dag & kveld) samt få medlemskap i Sivle-laget ut 2021 inkludert?

Festmiddag: Sogndal folkehøgskule vil servere ein 3-rettars festmiddag laurdag kveld inkludert folkehøgskulens heimelaga eplemost til kr 395,- pr pers, som alle må betale sjølve.

Meny:

  • Lefserull m/ røykjelaks
  • Lammegryte m/ potet- og sellerimos og aspargesbønner
  • Pannacotta m/ eple og krønsj

Pris - Sundag
Billett (kr 70,-) og lunsj (betasuppe, kr 120,-)  på Sogn Folkemuseum sundag, må alle betale sjølve.

Påmelding
Meld deg på ved å enten;

  • sende epost til post@sivlelaget.no
  • sende SMS eller ringe til styremedlem Wenche Margrethe på mobil 48071544

Vi vil trenge informasjon om din deltagelse laurdag og sundag, og om du vil ha middag laurdag.
Hugs å informera 
om evt. matallergiar!

 Påmelding innan 24. september

Om du ikkje får meldt deg på Seminar, Årsmøte, Sivle-kveld eller deltaking på Sogn Folkemuseum på førehand, er du hjarteleg velkomen uansett – med forbehold om ledige plassar.

Transport
Det er forskjellige måtar å koma seg til Sogndal på, avhengig av kor du reiser frå. For dei av dykk som ikkje kjem med eigen bil eller samkjøyrer med andre, kan vi føreslå;

Kjem du langvegs frå, kan det vera lurt å koma fredag om de skal nå fram til årsmøtet laurdag kl 1245.

Overnatting
Sivle-laget har forhandla fram prisar på overnatting i Sogndal og Kaupanger, sjå nedanfor for meir informasjon om booking og prisar.

Quality Hotel Sogndal
 
Adr: Gravensteinsgata 5
Tlf: 57 62 77 10

Sivle-laget får 20% rabatt på overnatting:

  • Enkeltrom Kr. 1140,- pr. døgn inkl.frukost
  • Dobbeltrom Kr. 1380,- pr. døgn inkl.frukost

Prisen kan kun bookes direkte til hotellets resepsjon, og kodeordet er "Sivlelaget" for å kunne få denne prisen.

Best Western Hotel Lægreid, Sogndal
Adr: Almenningen 3
Tlf: 576 288 88
Mob: 404 376 80

  •  Enkeltrom Kr. 1050,- pr. døgn inkl.frukost
  •  Dobbeltrom Kr. 1250,- pr. døgn inkl.frukost

Prisen kan kun bookes direkte til hotellets resepsjon, og kodeordet er "Sivlelaget" for å kunne få denne prisen.

Vesterland Feriepark, Kaupanger
Dei har vil gitt oss følgande tilbod på hytter og leiligheiter:

  • Ordinær pris første natta og 70% rabatt på andre natta.
  • Må bestillast på nettsidene www.vesterland.no til ordinær pris eller via epost:  post@vesterland.no
  • Dei trekker ingen betaling på førehand. 
  • Dei trekk frå rabatten når gjesten betalar på staden.

Parkering ved Sogndal folkhøgskule
Det er godt med parkeringsplasser ved Sogndal folkehøgskule.

Vel møtt!