2007 har vore eit positivt år for Per Sivle sjølv om det ikkje har kome meir dikting frå han på over 100 år etter at han tragisk gjekk bort i 1904. Men diktinga hans lever vidare og så langt i jubileumsåret har det vorte skipa til mange flotte arrangement og nye medlemer har kome til.

I april vart Per Sivle heidra med fleire tilskipingar på austlandet for markere hans dikting og livsverk, og for å feire Per Sivle sin 150 års dag. Desse arrangementa er ein del av den nasjonale markeringane som blir gjennomført i jubileumsåret.
Sivleseminiaret i tida 12-13.mai på Stalheim Hotel vart vellukka med over 40 deltakar og med eit flott program av songkoret Strendinga laurdag kveld.

Det vart tilrettelagt for ei fin festhøgtid på Oppheim gamle kyrkjegard sundag 10.juni med avduking av ein ny minnestein ved ”Mor si grav”. Det vart eit flott ver denne dagen og med over 500 deltakarar så vart dette ein minneverdig dag for både Per Sivle og for venene hans.

Medlemsgåva i år er boka ”Fante-Nils”. For å redusere kostnadane med utsending av boka i posten så vil vi oppfordre medlemar å ta kontakt med Anders eller Jens dersom det høver seg slik at boka kan hentast eller leverast direkte. Det er også mogeleg å kunne hente boka hjå forlaget Selja i Førde.

Det skjer mykje kring om i heile landet i høve jubileet dette året og styret vil gjerne takka alle som har stilt opp for å gjere dette mogeleg. Og vi gleder oss vidare med det som skal skje og er takksame for alle nye medlemer som har teikna seg.

Sivle-laget med rundt 400 medlemar, har store oppgåver framfor seg. Jubileumsåret 2007 er under planlegging. Då vert det 150 vår sidan nasjonalskalden vart fødd.

I samband med oppkøyring til jubileet, sender laget ut DVD'en Berre ein hund som medlemsgåve til alle betalande medlemar. Dette er den dyraste medlemsgåva Sivle-laget nokon gong har hatt. Denne filmen som NRK laga i 1974, er berre å få gjennom Sivle-laget.

Oddgeir Bruaset frå NRK fjernsynet er i gangt med eit "Tablå-program" om Per Sivle. Programmet skal sendast i fjernsynet i jubileumsåret 2007. Her trengs både statistar og kostymar frå 1860/1904. Noko for deg? Gje melding til Sivle-laget.

Ei eiga nemnd under Sivle-laget arbeider med minnesmerket: "Mor si grav". Mor til Sivle ligg gravlagd på Oppheim gamle kyrkjegard. I siste linja til "Den fyrste song" lyder det: "Eg høyrer stilt frå mor si grav den song som all ting heilar."

Kunstnaren Leif Gjerme frå Voss skal forma minnesmerket. Hovudsteinen til minnesmerket er funne i ei låvetuft på Brekke der Per Sivle voks opp. Kultesteinen som skal symbolisere barnet ved vogga er funne i Sogn ved Hylland. Det er gjort avtale med Voss kommune og Voss folkemuseum om ei ny informasjonstavle ved Kongevegen på Oppheim. Ved den gamle kyrkjegarden på Oppheim blir det ei opplysningstavle om grunnlaget for minnesmerket "Mor si grav" og om "Den fyrste song" Informasjonen vert også på engelsk.

Alt arbeid hittil er gjort på dugnad. Nemnda noterar alle hjelparane utanom Sivle-laget på ei takkeliste som ein vil nemna seinare. Arbeidet med minnesmerket er omfattande med mykje papirarbeid og personleg kontakt. Me vil nemna John Ove Thaule sitt arbeid for naudsynt kontakt med lokalsamfunn, kyrkje, kommune og stat. Likeeins John Normann Mandelid sin kontakt med Fylkesmannen om besøk frå Kongehuset. Mandelid er styremedlem, og sikrar at arbeidet med minnesmerket blir ferdig til jubileumsåret.

Sivle-laget tek med takk imot gåver til minnesmerket.

Frå Nasjonalbiblioteket, musikkavd., har me fått eit spennande brev: Vi har et spørsmål til Sivle-laget. Noen av Per Sivles tekster er tonesatt av en herre ved navn Breste Beineson. Det går fram av blant annet tonesamling til Norsk songbok av Olaus Alvestad. Vet dere hvem dette er? Det hadde vært moro å vite! Hm, det skulle ikke være pseudonym for Per Sivle? At han, i likhet med Ivar Aasen og Garborg selv tonesatte et og annet?

Sivle-laget har invitert Riksmålsforbundet og Noregs Mållag til samarbeid og felles feiring av Per Sivle. Dette samarbeidet går godt, og fleire tilskipingar i jubileumsåret 2007 er under planlegging.

Frå Sivle-laget v/leiar
Jens Brekke