Ei feit Steik

(Per Sivle)

Fyr so pålag tvau Tjug Är sidan hadde me her på Voss ein Lensmann. som kalla seg Broander.

Jau, det var rette Guten sin, du! Meir en eitt Skinnet flådde han tå Folk her i Bygdi, og meiner du kje, at han fekk flerra seg ei Reim tå mitt og, endå eg hev no, um eg sjølv skal segja det, just inkje vore den fusaste til å sleppa nokon innpå meg med Kniven.

Han stemde meg på eit Hestabyte, gjorde han, og Sak vart det, og kor han no fekk rida det til eldr inkje, so jagu tapte eg Saki endå so soleklår ein Rett, som eg hadde, og laut punga ut med yver eit halvt Hundrad Dalar, laut eg.

— So hadde me og ein Prukkeratar, heitte Kreis. Og han og Lensmannen var no som Lus og Skurva, so samt, dei tvo, må Vita. Men so gjekk han stad hengde seg upp, Prukkerataren — det var endå ei Joleftan, og det var det besta, han her på Voss gjorde.

Eg var på Auksjonen etter hono. So vart Sengi hans uppropt. Og Sengi var grus nok, det vanta kje, det; men ingen vilde gjera Bod — dei tykte fulla, det stod som ein Stygge tå henne.

Dermed so klemde eg til baud ein Dalar, likavæl, eg. Tilslaget fekk eg, og Sengi sette eg upp på Loftet her, der ho endå står.

Det var um Sumaren, detta; ho Ingebjør, Kjerrini mi, var på Stølen, og so flytte eg uppå Loftet, der eg låg åleina.

Eg hev no aldri vore kvekken tå meg, eg, måvita, og inkje so brå til å tru på Rygl og Vas um Spøkeri og slikt noko heldr. Men endå fyrsta Notti eg låg der, tok det til mulla og tusla og tasla, og knast gjorde det, og kvein gjorde det både her og kvar.

"Driv på, det skilar kje meg!» tenkte eg, snudde meg til Veggen og sovna.

Men andre Notti vart det verre. For då tok det på remja òg nett hoggande som du sku høyrd eit Geitsbeist.

Det var, som det för kaldt nedyver Ryggen på meg, då, likavæl; eg tok til håtta etter, um eg sku hugsa eit Gudsord, og så las eg detta Verset:

   «Det hænde sig Jephta, den Giliads Mand,
   en helt, ikke vant til at sove,
   at han monne gå af sit Fædreneland,
   en Kamp imod Ammond at vove.»

— Jagu sa eg det! — for det vart verre og inkje betre. Det tek jamvel på mjåva og gøy, no, som var både Katt og Hund komne ned i Laget; det letta upp Sengjar-Tilet under meg og trekte tri Gonger Fellen av meg fram på Golve. Eg kan inkje anna seia, enn at eg vart fegen, då Dagen glytte inn gjenom Ruta. Men då tok sinnet meg óg, so eg lova på, at Notti etter skulde det verta ein annan Dans!

Um kvelden so smurde eg stora Reva-Glefsi mi og Ia henne tilrettes framanfyre Sengi. Og snøggaste eg under Fellen var komen, der melde Fantatyet seg attr.

Men då vara det heldr inkje lenge, fyrr Glefsi small.

Du og du for eit YI der vart med sama. Eg stokk so i, at eg bykste fram om Sengi, treiv Broki mi og på Dør, reid Lykelen um etter meg og tok Laupet åt Høyløda, der eg heldt til sidan um Notti.

Men då Dags-Ljoset kom, kom Modet mitt attr, og.

Eg svinta meg stad tok største Hamaren min i Handi, og so gjekk eg upp glytte innum Loftsdøri. Og jau så beiske meg, sat der kje ein Smådævel i Glefsi og gliste og grein imot meg, jaggu gjorde det so. Eg kann inkje tru, han var framsloppen endå, for han var kje større enn ein halvtårsgamal Bukk. Pålag soleis såg han ut, òg, anna at frame hadde han Hendr med Klør på Fingro, og so hadde han Rova mest som ei Kalva-Rova. Sinna var han som den argaste Tranta Turk, knurra og gøydde og glefste.

«Ja bit no berre, din Satansunge,» sa eg.

Dermed dreiv eg til hono med Hamaren midt i Skjelta og svimeslog hono, treiv hono so i eine øyra, bar hono ned attum Løda, og der strupeskar eg hono, men blodet saud og lufta, forsyne meg, som bråde Svåvel, som det og såg ut til å vera, og so heitt var det, at det brende hol på eine Treskoen min.

Drog eg so Skinnet tå hono, og fin og feit var han på Skrotten som ein liten Gris, — anten de vil tru meg elder inkje so vog Netja og Nyrna-Ta1gi tå honom fira Merkr, og det skal ein god Haust-Saud til sofjerre, veit de. —

A jau, dei vart feite Dævlane, her på Voss i Lensmann Broanders sine dagar, du!

Tok so eg Kjøtet, køyrde ned på Vangen med.

Det sku no vore Moro, um Lensmannen kunne få seg ei feit steik her, tenkte eg med meg.
Å ja, lakka so eg inn på Kantoret til honom. «Ferskt Kjøt idag?» sa eg.

"Saud?» sa han.
«Bukk,» sa eg.

Og so vart han med ut.

«Det luftar so dævels av det!» sa han.

«Gjerer so det, ja,» sa eg. — «Men eg vil tru, ateein so klok og forfaren Mann som Lensmannen veit korleis det hev seg med Bukko um Sumaren.»

«Ja, javisst, — det er sant ja,» sa han.

Ellest likte han no Kjøtet framifrå, og rimelig var eg på Prisen, so me vart Handlarar i ei Bråvending.

Og i Lensmanns-garden gav dei seg i Ferd med å steikja å brasa, so der lufta steikt Dævel tvert yver Vangs-Vatnet, og Skrivaren og Presten og Futen og fleire vart gjesta-bodne på raude Rappen. — Jau, dei fekk smurt Tranten sin, Vangs-Storfantane, då! Og so indarlig væl som det var dei unt, du.

Det vart rett eit fagna Gjestabod, fekk eg frett, ja. Og då denne Dævelen væl var i dei faren, so grunna dei jamvel eit nytt Samlag der um Kvelden: "Foreningen til Vossingenes Benyttelse», men no er det nok umdøypt, no, og heitar: "Voss Grundlovslorening».