Flaggsong

(Per Sivle)

Me heisar vaart Flagg, for me er eit Folk

og eig os vaart eige Tun,

der merket skal standa Bolk etter Bolk

og lysa fraa Brun til Brun.

Og Tunet det ligg paa Knaus attmed Sjo,

og Flagget det vert daa standande so,

at bjarte Skimten kann falla derav

so vida um Land og Hav.

 

Og Flagget er raudt, og Flagget er kvitt

og Flagget er blaatt dertil.

Og Flagget er blankt, og Flagget er fritt

og provar oss det me vil.

Og Noreg skal helsa Flagget med Hug

og Noreg skal verja Flagget med Dug

Og Noreg i Naud skal sanna det greidt,

at Flagget og det er eitt.

 

Me elskar vaart Flagg, der det stend paa Vakt

og vinkar os upp og fram.

Og aldri det skal med Grunn verta sagt,

at me er vaart Flagg til Skam.

Og Stongi me plantar ved Hjartarot,

og Flagget skal vera Ljos for vaar Fot,

der Noreg det gjeng ifraa Herje-Herk

til Lukka og Heidersverk.

 

Me heisar vaart Flagg, for me er eit Folk

 og hev som eit Folk vaart Krav

Og kjem der imillom ein Brjotingsbolk,

so rid me den Bolken av.

Og han som gjev ljos og unner os Dag,

han vare vaart Land, og han vigsle vaart Flagg!

Gjev Sol, du Gud Fader, til Folk og Land

og kveik os ein Heilhugs-Brand!