Sussies tre
(Per Sivle)
Det var ein hage, og i den hagen var det så mange
blomster, både roser og georginer og levkøyer og
tusenfryd.
Og så var der så mange bær. Ripsbæra var alt modne.
Dei hang i tette, raude klasar under buskane. Store,
skinande druerips. Og stikkelsbæra strutta gule og
saftige, og dei smaka så godt. Men ein måtte ta seg i
vare når ein plukka dei, så ein ikkje stakk seg på
tornane i hekken.
Så var det ei lita jente som heitte Sussi. Ho trippa
omkring i hagen kvar einaste dag, og ho åt mange,
mange stikkelsbær - altfor mange, sa mor. Og ho åt
ripsbær også, men ikkje sa mange, for dei var sure.
Men inne ved gjerdet i eine hjørnet av hagen stod
det eit lite stikkelsbærtre heilt for seg sjølv. Blada var
få og små og pjuskete, og alt det hadde by på var
nokre bittesmå bær, som slett ikkje smaka godt.
Ein søndag var der framande. Bestemor var komen
med dampbåten frå byen, og så kom tantene og onkel
Ole på besøk, og søskenbarna Elna og Asbjørn også.
Og far og mor og dei framande qjekk ned i hagen og
dei åt av bæra, og dei syntest det var herlege bær.
"Men kvar er Sussi?" sa far.
Og då han skulle sjå seg om, så stod ho borte ved
det vesle stikkelsbærtreet i hagehjørnet.
"Men barn, då!" sa far, "kvifor et du dei elendige
bæra ?"
"Jo," svara Sussi, "for eg syntest så synd på det vesle
treet, som ingen vil ete av."