Tobaksvolt
(Per Sivle)
Ja, det er inkje derum å snakka, eg likar no endå godt nok Tobak, sjølv eg, meiner eg, for Pipa og Tobakstugga, det er no so pålag besta Trøysti mi, det, når eg då inkje reknar Gudsordet med.
Men det lyt no vera Måte på alt, likavæl. Og so tobakssvolte eit Menneskje som ein Husmann eg eingong hadde — heitte endå Samso og budde burti Haga Plassen — hev eg aldri vore ute fyr, korkje fyrr eldr sidan.
Han var ein lageleg Arbeidskar, når berre han hadde Tobak — so til Måte å segja. Men hadde han inkje, so vart han mest spikende galen, og hadde han for mykje, so vart det óg gale.
Når han inkje hadde, so anten sette han seg beint ned og duste, sa inkje Ordet og tok inkje si Hand i Arbeid, eldr og truste han på, so han reint øydela Ambodi, steinhogg Øksarna, slo Ljårne av, — skjente og pokka og banna alt i eit, rembde seg og skreik ende uppyver seg innimillom attr, som du sku høyrt ei hundabiti Geit.
Vesalt var det med hono óg, meir en vesalt. Men hadde han ein Skilling, so gjekk det til Tobak, — det var det sama, um dei inkje åtte Mata — Sådi i Huset, han og gamla Kjeringi.
Eg kunne ellest inkje anna merka, enn at han var tru på Handi, Stakkar, men var han tobakslaus, so, forsyne meg, stal han inkje verre enn det ramaste Geitsbelst, — ja, aldri anna enn Tobak Og sløgare Tjov skulde du aldri vorte fyre, det var jagu, som han sku kjent Teven tvert igjenom både Mur og
Veggjer.
Høvde det, han fekk fat på ei Tobaksmork då berre togg og togg og eintogg han, og gjorde kje anna, alt medan ho vara, — so brune Frauden berre skuma og larpa or Munn — Viko, og Sputtet dreiv um hono som Vatn tå ein Kvernakall.
Sidan tok han og turka Tuggorna på Omnen, karva dei i Pipa og røykte dei. Og Pip-Oska gjorde han anten snuste i seg eldr óg hadde henne nedi små Lerefts-Posar, som han surra til med Tråd og togg.
Men so visst som Sundagen kom, der hadde me hono til å reinska Pipor, og Pip Olja var han so rædd um, som ho vore Gull, klinte henne på Fillor, som han gøymde i Tobaksdåsen eldr Vesta-Lumma.
Ellest so var det no sjeldan, at han åtte noko sovore som Vesta-Lummor, for dei hadde han jamnast skore utor og stappa i Kjeften.
Han var so gjenomsogen med Tobak, at du kjende Teven tå hono lang Leid, og når han stod sveitta i Solsteiken på Slåtteteigen, so hunn rugge meg, var det kje mest skira Pip Olja, det draup tå Skallen og Kjako hans.
Skjorte-Fillorna hans teva, så dei sku vore sydde i hop tå berre klinkande Tobaks Blåd, og so gjenomtrekte var dei, at ho hadde aldri bjo prøva, Kjeringi hans, få vaska dei kvitare enn ein høveleg Ragg-Sekk, det endå til hende nokre Gonger, når han var i hardaste Naudi, at han skar Spuns or Skjorte-Ryggen sin og stappa i Kjeften.
Eg hadde ein svart Katt, som var so ram til å stela. So var det ein dag, at eg tok rende noko Pip-Olje i hono, og dauda gjorde han mest med det sama. Bad so eg Tenestguten kasta Katten burt på Mykadyngja. Men dagen etter kom Guten og sa, at Kattaskrotten var burte. "Enn um det var han Samso, som hev vore ute?» sa han, «han gjekk no so tobakssjuk her i Går Kveld, og jau so biske deg, skal du mest sjå, han no held på tygg upp Katten fyr Pip-Olja si skuld", sa han.
— Nei, der ein Morgon seinhaustes fekk eg bod um, at han Samso var vorten sjuk um Notti. Ja, eg snugga meg derburt, og eg kunne ikkje anna skyna, enn at det reint leid på det seinaste med honom. Det var fyr Bringa og i Livet, han hadde det, og han var alt tilfaren hurkla i Halsen, endå han hadde Samlingarne sine.
"Skal eg henta Doktar åt deg?" spurde eg.
Han berre rista på Hovudet.
"Enn Presten?" spurde eg.
"A — nei," kviskra han, "men — hadde du — — eit liti — Tobaksstugga."
Tok so eg Dåsen upp, skar ei fagna Tugga og stakk borti Munnen på hono. — Det var som han Ijosna yver heile Anletet. So nesta han Henderna og let attr Augo, tok til gnavla og togg. Og medan eg sat der, dermed slokna han. Det seinaste me såg leda seg på hono var Kjaka-Beini, og dei leda seg, til han var
radt kald vorten, men då leda dei seg ikkje meir.