Utferds-dråpa

(Per Sivle)

I.

Ut, ja ut,
det var Nordmanns Traa,
   solenge her Nordmenn beid.
Ut ifraa Krake,
Krykle og Kraa,
   ut ifraa Fjøra og Heid,
ut imot Aust
og ut imot Vest
   og ut imot Sud og Nord,
ut, som fyr kvar
det høvde seg best,
   — ut fraa sin Heimsens Fjord!

Ut ifraa Stengsla,
Dimma og Skodd,
   ut imot Dag og Daad.
Ut til aa bryna
Brodd imot Brodd
   og røyna dei krappe Raad.
Ut til aa fara,
ut til aa sjaa,
   ut gjenom Sjoroks-Eim,
ut til fyr vaagall
Vinning aa slaa,
   ut — til aa venda heim.


II.

For det ei Ferd
fraa Ringerik.
Reid fyre han Rane
med raude Skjegget,
Kongsfostre kalla,
vid-kunnig Kar
med Kraft i Knokom.

Reid so han hæve
Haralds-Sonen,
bjart under Bruni
med Brand i Augom,
breid yver Bringa
og brynje-budd,
talde seg tolv
av Vetrar til Alder,
reiste aa rida
den rame Havhest.

Kom det so Karar
til Herferd klædde,
kom det so Klyvjar
med noko taa kvart:
Klæde og Kost
og Vaapen-Kistor, —
krudde yver kvasse
Krokkleivs-Kneiken.
Stemnde mot Strand,
der Stor-Sjoen blenkte.

Laag attmed Land
Langskip reidde,
ventande venda
Stamnar mot Viddi.

Høgt vart paa Herd
han Olav hevja,
lyddest det Ljom
av Lur og av Røyster:
"Heil, vaar Her-Konung
Olav Haraldson!"

Bles yver Bugti
Bør fraa Nord,
sette dei Segli
og seig fraa Land,
skaut seg Skipi
um Skjer og Øyar
fram paa den fagre
Folden-Fjord.

Vart det mot Verdi
vidare Syn:
som fram dei for
um Ferder-Øy,
blankt og blaatt
burttil Himmels-Bruni
laag Havet og livde
i lange Rullingar.

Ja, her var Havet
som bar med Heider
Haarfagre Harald
til Daad i Hafrsfiord,
den Dagen daa Noreg
vart døypt til Rike.

Her var Havet
som hov paa Herd
Rolv, hin rauste,
rakryggja Gangar,
daa Vegen til Valland
Vikingen valde.

Her var Havet,
som førde han Haakon
heim ifraa England,
— den Kar til Konung,
med Krossen komen
og Kvernabitar.

Her var Havet,
som hadde drukke
Blodet som brann
gjenom Trygvasons Brynja,
daa Stolt og stor
han i Sjo seg støypte.

Og her var Havet
som Harald Grenske
ut paa hans usæle
Uferd leidde.

Ja, her var Havet,
der Nordmenn hadde
sin vissaste Veg
i Von og i Vaage
til Heider og Heppa,
men og til Hæde.

         ***

Der lyfter seg Landet
som Haarfagre leivde
frelst og fritt,
den Fagna-Mannen.
No ligg det i Lekkjor,
hovding-laust,
og framand Fot
hev det fenge paa Nakke.

Sjaa, kor det kverv
etter kvart i Sjo ;
aa nei, det stend stødt,
— det er me som styrer oss
ned ifraa Nord
Noreg or Syne.

Fager og fræg
er du, Frende-Hage!
Liv, der du ligg,
til Lagnaden lagar
Løyve aa løysa
dei fule Lekkjor,
som vonde Vette
med Vald deg smidde.

         ***

Braut det daa braatt
med Blaaster paa,
brøytte seg Bylgje-
Bløyta um Ripi,
so Laug dei fekk seg
med Salt i Vatnet.

Rauk det med Rok
i rivande Vind
fraa Kveld og fram
til Dagen fengde.
Tok det so Togn,
og teddest mot Sud
Land i Leidi
med laage Strender.

Ropte han Rane,
sat ved Roren:
"De —, der hev me Sjælland
— den Strandi kjenner eg."

Birren og beitt
som berre Glod
gulhærde Guten
gauv upp fraa Sæte.
"Horn lyt me hava
her med Mjød!
— for fagnast no skal
ein framifraa Kult:
drikke me Minne
um gjæve Mannen,
kjende Rolv Krake,
Konung i Leidre


III.

Valde dei venda
mot Svia-Velde,
— takka fyr Far sin
vil Olav freista.

Tok dei eit Tak
trast innan Sote-Skjer,
der Sote vart vegen,
den vidspurde Viking.
Brann det daa Blod
paa blanke "Hneite",
gjæve Gudfar
si fagna Gaava,
som Haraldson her
til fyrste Gongs Hel-Hogg
hov imot Hermann.

For dei frøkne
fram med Herskjold,
laup inni Logen
like til Sigtun.

Stengdest so Stokksund
med sterke Lekkjor,
og kaute kytte daa
Svia-Kararne,
at Guten i gasta
Glefs dei hadde.

Røyntest at Raad
han visste til Redning,
— grov gjenom Agnasit
Skips-Gang til Havet,
let Segli løysa
og laup fyr Medbør
fossande framum
der Sviarne for
trakka paa Trommi
og trappa av Sinne.

Vanka dei vide
Vegjer paa Hav,
Vikingar vog
og Herfangst seg veidde,
freista i Finnland
Trolldoms-Farkar,
vann seg Siger
i Sudervik,
for um Frisland
og fram til England,
lagde Leidi
til London inn,
braut den breide,
stengjande Bryggja,
og Borg og By
laut baae seg gjeva.

Ljost so laga
Konungens Lukka
vandaste Vaage
til Sigers-Varp
og vidare Vinning
fraa Vetr til Vetr.

Vitja dei Valland,
der Vilhjalm og Rodbert
— fraa Rolv runne —
var Jarlar i Ruda.
Flust vart som Frende
han Olav fagna.
fekk seg Fredland
til Kvild paa Ferdi.


IV.

Tok daa Tankarne
til aa tyngja.
Mangt og mykje
Hugsvivet mælte.
Vandt var aa velja
visaste Vegen.

Laag han paa Lægjet
svevnlaus og leita;
tenkte tilslutt
aa taka Leidi
som Krossferds-Kjempa
til Kristi Grav.
Breidde seg Blund
tilsist yver Blinket.

Daa, fram-mot Dagning,
ein Draum han hadde.
Stod der ein staut,
storvoren Mann,
agleg av Aasyn
og endaa blid,
— tyktest han trast
Trygvason kjenna.

Mælte Mannen
med Malm i Røysti:
   "Av rettug Rot
   er Tanken runnen,
   som tel deg til
   paa Kross-Ferd aa taka,
   men — nei, inkje ned
   um Njørvasund.

   Olav, du hev deg
   Jorsal ditt eige:
   Noreg det nemnest,
   ditt Ætt-Land i Nord,
   der Krossen hans Krist
   no i Kraa er kasta,
   der Riket raknar seg
   raadlaust tildaude
   og høgste Heider
   hev framand Vilje.

   Far du no fram
   til di Fedra-Jord
   rak i Ryggen
   og reis ditt Merke!
   Verket skal vinnast,
   og du, som vaagar,
   skal kaarast til Konung
   og fyr Æra krynast."

Fort seg paa Fot
spratt fram han Olav.

Baud dei daa braatt
Livvel med baae
dei rauste, rame
Ruda-Jarlar,
helsa so heitt
med Sverd-Hogg paa England,
styrde sidan Stamn
mot Norrøna-Strand.

Reiste seg Ran
og ruska i Havet,
rulla og reiv
han Tor uppi Rymdi,
gauv det med Gneistar
og Sjoroks-Gov,
Fenrir paa Fludi
fælskeleg ylte,
velte og vreid seg
den vonde Midgardsorm,
braut ifraa Botnen
med blaagult Brot,
sende sin Eiter
og saup etter Floten.

Heldt heil og høg
seg Hugen hans Olav,
lagde so Lagnaden
Lukka attaat,
Stormen stilna
og Sol-Strima teddest.

Gaadde dei grant
noko graa-svart i Syne,
— laut vera Land
som laag der framanfyr.

Naadde dei noko
næmare innaatt;
— ropte han Rane,
den røynde Ruggen :
„Karar, eg kjenner meg!
kom skal me vaaga,
hev me kje her
Heimen og "Sæla"!"

Reiste seg rask
og kjaka-raud,
bjart under Bruni
med Brand i Augom,
breid yver Bringa
og brynje-budd,
han, den hæve
Haralds-Sonen,
— Barn den Dagen,
daa ut han reiste,
munarleg Mann,
som her han møtte,
talde seg tjuge
Vetrar til Alder,
vid-kjend Kjempa
med Sot-Skjegg um Kinni:

"Høgt eg deg helsar
med heilag Traa,
du Land der ligg !
— mitt Liv eg deg vigjer!

Og sæl kann eg segjast
heimatter siglande,
som ved "Sæla" landar."