Vøgg

(Per Sivle)

Rolv Krake var gjevaste
Konung i Nord.
Og kjempor, dei glupaste,
sat kring hans bord.
Nordmannen Bjarke
var vyrd som den beste,
og Hjalte frå Sjælland,
han nemnest den neste.

So kom det ein dag,
ein undarleg gut,
bar hjarta på tunga,
og tala det ut.
Og Konungen trekte
ein gullring av fingen,
og det var til guten,
til Vøgg, han gav ringen.

Då ropte han Vøgg;
"Eg lovar og sver
å hemne din bane
kvarhelst det so er!"
Og Konungen orda
- so halve på spite –
"Nei, sjå, kor han Vøgg
kann gledast ved lite!"

So kom det ein svikar

med sverdhogg ei natt.
Og Bjarke, han stupte,
og Hjalte, han datt,
og Rolv, han fekk bane;
- men so det hende
at berre han Vøgg
stod einsam attende.

Og sidan so fegen
i helferd han fór.
Men fyrst var han mann
fyr å halda sitt ord;
han støytte sitt sverd
i Hjørvard sitt svarta
hedeleg meinsvorne
svikar-hjarta.

Og Vøgg – um han var
vorten gamall og grå;
i hugen han berre
vart barnet å sjå.
- Og at han var barn
utav hjarta, det gjorde
han glad ved det lille
og tru i det store.