Per Sivles forfattarskap 
Av Alfred Fidjestøl

Per Sivle gav ut 15 relativt tynne bøker. Her er ein rask gjennomgang av bøkene med litt opplysningar om korleis dei blei mottekne i samtida.


En Digters Drøm (1878)
Per Sivle bokdebuterte i 1878 under pseudonymet Simon de Vita, med langdiktet En Digters Drøm. En Digters Drøm er eit apokalyptisk langdikt som er skrive som eit kampdikt og eit polemisk motdikt mot den framveksande bohemlitteratuen. Diktet handlar om ein forfattar som er sjølvopptatt og forfengeleg og ynskjer å skrive litteratur som gjev han merksemd, sjølv om litteraturen han skriv ikkje er oppbyggeleg. Men mot slutten av diktet, innser han sine feiltrinn, og blir sjølv overtydd om at det viktigaste alltid er at litteraturen kan verke byggande og hjelpande for lesarane. Forfattarens far får avslutningsvis setje ord på moralen i langdiktet:

  ”Ja, kjæreste søn,
gid du maatte forstaa,
hver tanke, som her
du i livet fremdrager,
vil gribes af folkets
begjærlige hjerte
og fremkalde fred
eller ufred og smerte,
alt efter den aand,
hvoraf selv du den tager.»


Per Sivles gode vener, Anders Hovden og Bernt Støylen, fekk fyrste gongen høyre diktet, julaftan 1878. Og i ettertid fortalde Anders Hovden, at sett bort frå Ibsens samtidssjokk Gengangere hadde aldri noka bok ”kjøvd meg med større uhugleg velde”.

Men om venene var oppstemde av Sivles litterære debut, var mottakinga frå meldarane langt frå like positiv. Arne Garborg melde boka i Fedraheimen fjerde juledag, men nytta heile meldinga til å kritisere Sivles dedikasjon av boka til tidsånda. Meldaren meinte tanken i diktet var ”uhorveleg sann”, men at samtidspoesien slett ikkje fortente ein slik kritikk som Sivle implisitt gav han gjennom dedikasjonen: ”Her er Slarvediktarar no liksom fyrr; men eg hev det Inntrykk, at Poesien i det heile er aalvorleg og sedeleg (ethisk) i vaar Tid, – meir, kannhenda, enn i dei fleste Tider,” skreiv han og feia såleis vekk Sivles debutbok som ein uviktig publikasjon.[i]

Avisa Fædrelandet kom tre dagar før jul med ei ørlita melding der avisa slo fast at boka ”kanske ved Siden af nogen Naivitet – røber adskillig Begavelse, Selvstændighed og Herredømme over Formen”.[ii] Medan Bergenspostens meldar konkluderte med at:

”Forfatteren viser sig af og til lidt søgt og ubehjælpsom; men forøvrigt glider hans Vers let og nydelig afsted, og, om han end skyder noget over Maalet, saa mener han det dog saa inderlig vel med sin Advarsel til de ubefæstede Skribenter, og hans Ord fortjener at lægges paa Hjerte baade af dem og andre.”[iii]


Digte (1879)

I 1879 kom Per Sivles andre bok, diktsamlinga Digte, denne gongen under fullt døypenamn, Peder Sivle. Alle dikta i samlinga hadde religiøs tematikk, han fann til dømes ikkje plass til ”Dan fyrste songen”, som hadde stått på trykk i Fedraheimen to år tidlegare. I denne samlinga var det berre vedkjenningsdikt om eigne synder og pietistiske kampdikt, skrivne til seg sjølv og andre i liknande situasjon. Titlane aleine - ”Synderinden”, ”Fra livets dybeste dyb”, ”Vellystens slave”, ”De svages sang” og den formanande ”O, du unge! – O, du gamle! O, I forældre! O, I lærere!” – seier mykje om tematikken. Dikta handlar om kampen for å fri seg frå det verdslege og det kroppslege, i tråd med pietistiske ideal, tydelegast i diktet 
”En kristens afsked med naturen” der forfattar-eget ber seg fridd frå den jordiske naturen i det heile, og drøymer om eit nytt liv, i ei ny verd, utan jordiske drifter i ein lekam av gull:

”Farvel, du lille maaltrost!
Tak for din søde sang,
hvormed du stille glæded
mit hjerte mangen gang!
Naar du til vaaren kommer,
kom, sæt dig paa min grav,
og syng en sang om døden,
som livet mig gav.”[iv]

”[E]it sårt skrik til skaparen frå ein livskræmd mann, som freistar klengje seg fast til si kvervande barnetru,” kalla Anders Hovden seinare boka. Ho kom ut på det vesle forlaget til Per Sivles tidlegare skulekamerat, Andreas Lavik, og blei ikkje meldt i avisene.

Sogor (1887)

I 1887, åtte år etter førre bokutgjeving, kom Per Sivles store litterære gjennombrot med novellesamlinga Sogor. Boka kom ut på Det Norske Samlaget og inneheldt dei fem forteljingane ”Ein Triskilling”, ”Berre ein Hund”, ”Fanta-Nils”, ”Heimadøypt” og ”Hjelpelaus”.

Sogene er lagde til eit landskap og eit miljø som er heilt likt det Per Sivle sjølv voks opp i. Hendingane har konkrete førelegg. Dei handlar om ein gut som heiter Per, og forteljingane går føre seg i aldersspennet frå 9 til 14 år. Dei handlar slik om dei siste barndomsåra, om overgangen frå barndom til tidleg vaksenalder, og er alle små syndefallsmyter, der eg-personen på ulike måtar svik ideal, anten sine eigne eller vaksenverda sine, og deretter må leve med det. I den mest tragiske av dei, ”Fanta-Nils”, er Per fyrst raus kamerat med fanteguten Nils, lét han låne klede og få mat og gå i lag med han på skulen, før han svik han når Nils blir han jambyrdig skuleflink. Per fell i gråt når han skjøner kva han har gjort, og medelevane trur han er galen, fordi dei ikkje såg at ”det var Barnet i me, som laag meinbrotet hikstad utanfyre stengda Dyri si eigi”.[v] Hovudpersonen Per gret over at døra til uskuld og barndom var stengd for alltid.

Dei to tidlege diktbøkene var gløymde, boka blei oppfatta som ein litterær bokdebut, ein særs vellukka debut. Dagbladredaktøren Lars Holst sette standarden då han få dagar etter utgjevinga, skreiv: ”Der er en Stemningsfylde og en Sikkerhed i Skildringen, saa vi atter sidder og kræver at Forfatteren skal give sig i Kast med større Opgaver. Under al den Friskhed og Humor, hvorved disse 'Sogor' er fortalte, bæver der en Understreng af dyb Vemod. Sivle har et fint Øre for al Livets Smerte, men han er for sund til at lade sig overmande.”[vi]

Sivle hadde vore uroleg for korleis ei bok på landsmålet ville bli motteken. I ein forstand blei målvalet ein føremon. Bjørnstjerne Bjørnson hadde erta på seg målfolket ved å hevde at landsmålet ikkje eigna seg for å uttrykkje det finaste kjenslelivet, og Holst avslutta meldinga si med å slå fast at Sivles bok var eit ”uimodsigelig praktisk Indlæg mod Bjørnsons overfladiske Tale”.

Ei veke seinare fekk Sivle ei like positiv melding, av Lars Stavnheim i Fedraheimen. Til liks med Holst meinte han at Bjørnsons innvending mot landsmålet smuldra opp i møte med Sivles Sogor.[vii] 

Emil Mørkassel var like positiv i Oplandenes Avis og meinte at ”Berre ein Hund” var ”rørende vakker” medan ”Fanta-Nils” var ”en liden, ægte Perle”. Han slo fast at landsmålslitteraturens vekst var eit godt teikn for framgangsrørsla i folket, og nølte ikkje med å plassere Sivle i det gjævaste selskapet innan denne litteraturen: ”Vi har havt Aasen og Vinje, Janson og Garborg. Og til disse Navne betænker jeg mig ikke paa at føie et nyt, Per Sivle.”[viii]

Aftenposten var òg positiv, men ikkje like atterhaldslaust som dei andre avisene. Avisa meinte at sogene var ”ganske godt fortalte”, at lesaren fekk eit ”ganske levende” inntrykk, og at nokre av skildringane var ”ganske humoristiske”. Når avisa berre var ganske nøgd med boka, kan det ha hatt målpolitiske snarare enn reint litterære årsaker. I alle fall nytta meldaren høve til å slå fast dette: ”Det er beklageligt, at Bogen er skrevet paa ’Maalet’ og vrimler af Ord, som en almindelig Læser ikke forstaar. [...] Er det Forfatterens Mening, at han vil blive læst, er han neppe paa rette Vei, hvis han agter at fortsætte paa denne Vis. Er det derimod hans Mening at ville lide som Martyr for Maalets hellige Sag, har han valgt sitt Sprog med megen Omtanke.”[ix] 

Same året kom òg ei dansk omsetjing av Sogor, som fekk tittelen Gut. Led af et hverdagsliv. Det var Per Sivles kone Wenche Sivle som hadde omsett dei fem sogene, utan at ho blei kreditert omsetjinga i den trykte boka. Boka kom ut på Cammermeyer forlag og fekk fleire positive meldingar i danske aviser.

Vossa-Stubba (1887)
Same året som Per Sivle slo gjennom med Sogor, fekk han ut endå ei bok, stubbesamlinga Vossa-Stubba. Boka som kom ut på Det Norske Samlaget var ei samling burleske humoresker, skrøner og vandrehistorier som Sivle hadde med seg heimanfrå, men som han hadde vridd på og endra og omforma litterært. Opphavleg skreiv stubbane seg frå den legendariske forteljaren på Voss Johannes Leiddal, som hadde døydd i 1884, men som Sivle truleg hadde treft ved fleire høve i oppveksten. Sivle laga seg forteljaren Kolbein Hausa, modellert over Leiddals minne, og lét denne Hausa fortelje om då han hadde slumpeflaks og fanga ein aure, ein hare og to orrhanar i same kastet, eller om sladrekjerringa Gamla-Marta, som fungerte som vandrande lokalavis på Voss og trudde på skrøna om gutane som smelta snø og selde det som salt.

Boka er levande den dag i dag, i ettertid kanskje den høgast skatta einskildboka frå Sivles hand i heimtraktene. Men då ho kom ut, fekk ho ei anonym mottaking. Samlinga blei nok sedd på som ei meir uhøgtideleg bokutgjeving, ho blei ikkje meld i dei store avisene slik Sogor blei nokre månader tidlegare. Ho fann likevel fram til lesarane sine. Ivar Aasen uttalte seinare at Per Sivle fortente livsvarig diktarløn, om han så ikkje skulle skrive ei einaste ny line utover vossastubbane.

Streik (1891)
Fire år seinare, rett før jul 1891, kom Per Sivles einaste roman, Streik, denne gongen på eit dialektfarga norsk-dansk med Cammermeyer som forlag. Streik var ei original bok i norsk litteratur. Ho er gått inn i historia som den fyrste norske arbeidarromanen. Handlinga er lagd til den fiktive småbyen Langestrand, ei gjennomsynleg omskrivning av det reelle Drammen. Det er ingen klår hovudperson, men sentrale figurar er til dømes sagbruksarbeidaren Hans Teodor, som blir romanens tragiske helt, faren hans, den aldrande sagbruksarbeidaren og enkemannen Ole Augustinussen som bur tettpakka med barn og barnebarn i eit lysthus kalla ”Kålrabien”, og som så ofte set i eit ”Herregud” at han berre går for ”Herregud i Kålrabien”, og versemakaren Per Amundsen, som miste jobben på sagbruket då han eit år sat i arbeidarforeiningas vallistekomité, og som stadig lagar dikt på Heifallera-melodien og difor berre blir kalla Per Heifallera. På overklassesida er brukseigarane Oscar Andrésen, Wang-Malterud og den kyniske kneipeverten Bertel Talleberg sentrale.

Dramatikken i forteljinga skyt fart når brukseigar Oscar Andrésen pressar Hans Teodor til å brenne ned sagbruket som ledd i ein forsikringssvindel. Hans Teodor sjølv, sagstyrar Vik og kneipevert Talleberg døyr i sløkkingsarbeidet. Lågkonjunktur og sagbruksbrannen og trugsmålet om lønsnedsetjing sender dei resterande sagbruksarbeidarane ut i streik. Og streiken, opptøyane, kampen og gateslaget følgjer deretter lojalt dei faktiske hendingane slik dei utfalda seg i samband med ein sagbruksstreik i Drammen i 1881 som Sivle sjølv var vitne til, med ein viktig skilnad: Det er ingen ung gut, men gamlingen ”Herregud i Kålrabien” som til slutt blir drepen av soldatane i torgslaget.

Romanen er  melodramatisk, sentimental og dels grotesk. Det er sterke kjensler og grove overgrep. Det er små symbolske intermessokapittel, om vårflaumen, om pukkstein, forutan det underhaldande kapitlet om Bagste-Birte. Då Bagste-Birtes dotter Oline flyttar heimanfrå, får Birte aldri høyre frå henne, før ho etter mange år får vite at ho visstnok er hjå ein prost i Kristiania – ”[m]en at ’Prostens’ fulde Navn var Prostitutionen – det vidste ikke Bagste-Birte”.[x]

Alle arbeidarane går tilbake til arbeidet etter den mislukka streiken. Mange blir dømde til fengsel og bøter, sju får straffarbeid, den tørste og glade versemakaren Per Heifallera – som neppe ber namnet Per heilt tilfeldig – blir galen og hamnar på Gaustad Sinnsykeasyl. Romanen er relativt open med omsyn til utgang og politisk konklusjon, men mange har oppfatta den moderate arbeidaren Torgersen som eit slags talerøyr for Sivle då han resignert fastslår at ”det blir saa allikevel inte med Pukstein i Næverne, at vi Arbeidere vinner os vor Ret”.[xi]

Kritikken i samtida var blanda. Per Sivles personlege ven, Emil Mørkassel, skreiv i Dagbladet ei lang og reint ut panegyrisk melding, som Dagbladet trykte på heile framsida. Sivle hadde ”allerede sin Plads og sit Hjerterum hos alle der følger med”, fastslo Mørkassel, men med denne boka fekk han eit ”ubetinget Gjennembrud, og det et af de betydeligste og interessanteste i vor Literatur siden Alexander Kiellands Arbeidsfolk”. Mørkassel fann boka politisk og estetisk overtydande, ho var realistisk, råkande og godt fortald. Av Sivle ”tør man vente sig det betydeligste og største”, fastslo venen.[xii] 

Men Verdens Gangs meldar var mykje strengare: ”'Streik' kunde blevet en utmærket Bog. Nu har Forfatteren nøjet seg med at levere en underholdende Fortælling. [...] Fortællingen lider i det heletaget af den Fejl, at Forfatteren har smurt for tykt paa. [...] Istedet har han af Frygt for at blive langtækkelig og kjedelig, for at faa Handling og Fart i Fortællingen leveret en Skildring som altfor paatagelig minder om visse taarepersende tyske Folkeskuespil, hvor Underklassen bare bestaar av liljerene Engle og Overklassen af blodsugende Djævler.”[xiii] 

Jamvel Stockholms Dagblad prenta ei kort melding berre dagar etter utgjevinga, diverre for Sivle like negativ som Aftenposten og Verdens Gang: ”Bokens hufvudämne, strejken, kunde emellertid förtjenat att utförligare och mere indgåande behandlas. Berättelsen synes vara mycket tendentiös.”[xiv] 

Aftenposten var endå meir kritisk: ”Havde Per Sivle skrevet sin Bog for ti Aar siden, vilde den have gjort et forholdsvis nyt og selvstændig Indtryk. Nu virker den besynderlig gammeldags. Den er baade i Opfatning og Fremstilling en eneste stor Anakronisme.”[xv] 

Det paradoksale, sett frå vår tid, er at Streik ikkje berre kom ti år for seint, men òg nærmare 80 år for tidleg. Dei fyrste tiåra etter utgjevinga var det inntrykket frå dei negative avismeldingane som sette seg i norske litteraturhistorier. I A.H. Winsnes sitt band av norsk litteraturhistorie frå 1961 heiter det nokså typisk at ”Per Sivle var ikke bare lyriker, men også en fremragende forteller. Hans forsøk på sosial tendensdiktning, ’Streik. En Arbeiderroman’ (1891), falt riktignok ikke heldig ut”.[xvi] 

Boka var meir eller mindre død i norsk litteraturhistorie heilt fram til 1970-talet, då ein ny vind, den politiske vekkinga som heimsøkte landet vårt, reaktualiserte den sosialrealistiske romanen. Willy Dahl gav ut Streik på nytt – no i klassikarserien på Eide forlag ”Store norske romaner” – og Dahl skreiv i litteraturhistoria si at den harde domen i samtida og ettertidas litteraturhistorieskriving var ein implisitt politisk dom over verket:

”Dette siste var da også lenge litteraturhistoriens dom om Streik: Menneskeskildringen i romanen er ensidig og skeiv, tendensen er så påtrengende at virkningen svekkes. En slik vurdering er tilsynelatende saklig og upartisk. Men den hviler på ganske bestemte premisser: et krav om at menneskeskildringen i en roman skal være ’balansert’ og rettferdig. Som vanlig var det den radikal-liberale presses vurdering som fikk litteraturhistorisk hevd, og denne pressen var det også som i samtida politisk stod for det vi kan kalle harmonimodellen: Samfunnsgrupper har nok ulike interesser, men det lar seg gjøre å forlike motsetningene, f.eks. parlamentarisk. – En politisk tro blir på denne måten opphøyd til en litterær-estetisk verdidom.”[xvii]

Blandet Selskab (1891)

Per Sivle fekk ut endå ei bok i 1891. Men boka han fekk ut var ikkje noka høgt prioritert utgjeving frå Sivles side, ho kom ikkje ut på hans eige initiativ eingong, men på initiativ frå den driftige opplysningsmannen Johan Sørensen. 


Johan Sørensen var ein sentral strateg i norsk bokbransje på 1890-talet, han var tidlegare ven av folkeopplysningsmannen Ole Vig, han hadde i 1884 kjøpt seg inn i venstrebokhandelen til Olaf Huseby og Olaf Olsen og i 1887 grunnlagt billegbokserien ”Bibliothek for de tusen hjem”. Ambisjonen var å spreie viktige bøker til breie lag av folket. 

I 1891 ville Sørensen gjerne trykkje ei bok av Per Sivle i denne serien. Sivle takka ja. Boka fekk den talande tittelen Blandet Selskab. Forteljinga ”Stolten” var den einaste nyskrivne teksten, ei typisk Sivle-historie om ein leikehest ein ung gut nødig ville gje slepp på. Elles hadde alle bidraga allereie vore trykte: Diktet ”Erling Skakke og Sverre Konung” og forteljingane ”De tvende”, ”Den Trettende”, ”Prins Pip-pip”, ”Svarteper” og ”En Spillemand”.

Boka blei ikkje meld i avisene, det finst ingen spor etter henne i Per Sivles etterlatne brev.

Noreg (1894)

Den 17. mai 1894 lanserte Per Sivle diktsamlinga Noreg, på Olaf Norlis forlag. Boka inneheldt ni dikt, ”Noreg”, ”Fenrir”, ”Harald Haarfagre”, ”Erling Skjalgson”, ”Svolder”, ”Tord Foleson”, ”Erling Skakke og Sverre Konung”, ”Varulv” og ”Varde”. Berre det siste var nyskrive, dei åtte andre var allereie publiserte i blader og aviser.

Dimed oppfatta dei fleste avismeldarane ikkje dette som ei ny utgjeving og melde henne difor ikkje. Unntaka var Verdens Gang og Dagbladet, paradoksalt nok dei to avisene som hadde publisert dei fleste av dikta. Olav Thommesen skreiv i Verdens Gang at ”Sivle er en Verskunstner, der ikke har mange Ligemænd hos os”, og at dikta kom ”under den ydre Form af poetiske Billeder fra Norges Historie som ildfulle Oppraab til os alle om altid – og fornemmelig i disse vanskelige Tider – at mindes, hvad vi skylder vort Land”.[xviii] Rosenkrantz Johnsen skreiv i Dagbladet: ”Det er en Fornøjelse at se, med hvilken Kunst Per Sivle behandler Sproget, baade Landsmaalet og det dansk-norske. Det er i hvert Vers, i hver Linje af Bogen en Formens Fasthed, en Indholdets Prægnans, som viser, at det fremfor alt gjælder for Forfatteren, at hans Digtning har Marg og Magt.”[xix] 


Nye Vossa-Stubbar (1894)

Rett før jul 1894 hadde Per Sivle klar endå ei ny bok, ei ny samling med vossastubbar. Stubbane ”Ein Hesta-Handel”, ”Tobaks-Svult”, ”Naali”, ”Jordbruk” og ”Ei feit steik” hadde han alle fått skrive denne hausten. I tillegg innlemma han ”Dragsmaale med Hinn-Mannen”, ”Lumhunden”, ”Kvepsabøle” og ”Kompaasen” som hadde vore publiserte tidlegare. 


Sivle skifta forlag igjen, denne boka kom ut på Hydle & Cos forlag i Kristiania. Sjangermessig er ho nærskyld den førre stubbe-boka, det er små burleske humoresker, ofte med eit grotesk drag. Djevelen er ein gjennomgangsfigur i Sivles dikting, her dukkar han opp i to av stubbane. Eine gongen taper han ein slåstkamp mot Kolbein Hausa og blir kasta på vatnet, andre gongen kjem han i form av ein smådjevel som Kolbein fangar i ei revesaks og sel som steik, og som hamnar på bordet på skipingsfesten til den konservative Voss Grundlovsforening. 

Elles er det uskuldige små vittigheiter, om Ingebjørg som stikk seg med ei nål som forsvinn inn i kjøtet og ikkje kjem ut igjen før to generasjonar seinare, eller om den gamle mannen som ror seg vill til havs i tåka, men som finn ei lus i sokken og veit at lusa alltid går mot nord, og slik navigerer trygt heim. 

Som dei fleste av Sivles bøker, var Nye Vossa-Stubbar ei lita bok å sjå til, med stor del av allereie publiserte tekstar. Ho var på 40 små sider, og kosta skarve 60 øre i utsal. Boka var skriven på landsmål, men motsett den førre stubbesamlinga på eit normalisert landsmål med færre dialektinnslag. Vetle Vislie i Verdens Gang meinte denne normaliseringa var eit tap, men at samlinga elles var prega av ein ”lun og saftig Komik” som synte oss Sivle ”som en ægte Digternatur”.[xx] Arne Garborg var sterkt rosande i Den 17de Mai: ”Desse Vossestubbarne er no vel noko med det løgnaste ein kann lesa. Du Per, du Per, du er ein meister, kor ein gjer av deg,” opna Garborgs vesle hyllest.[xxi] 

Bersøglis – og andre viser (1895)

Året etter, 1895, kom Per Sivle med ny diktsamling, med tittelen Bersøglis – og andre viser. Tittelen spelte på at avisa Den 17de Mai tidlegare same år hadde kalla Sivles dikt bersøglis-viser, eit uvanleg ord, som tyder å fortelje historia bert og rett på sak.

For andre året på rad lanserte Per Sivle ei lita nasjonal diktsamling på grunnlovsdagen. Samlinga var større enn dei førre diktsamlingane, ho inneheldt 28 dikt, og tematisk var spennet stort. Ho opna med eit hyllestdikt til Bjørnstjerne Bjørnson og avslutta med eit 17. mai-dikt. Men mellom desse låg mellom anna eit sjølvmordsdikt frå 1890, med ein kross til tittel, det optimistiske ”Vaar-Von” som han skreiv i lukkerus i Askovs bøkeskogar i 1886, dei radikale dikta ”Heis os et rødt” og ”Arbeideren” som hadde vore publiserte fleire gonger tidlegare, og dei varare stemningsdikta, til dømes diktet ”Haust”, som han hadde skrive hausten 1894 på Lista.

Boka blei likevel merkeleg oversedd, ingen av kristianiaavisene, ikkje eingong Den 17de Mai, melde henne. Det var kanskje ei feilvurdering å bruke det vesle Hydle-forlaget. Sivle skulle ha brukt meir krefter, slik han gjorde før utgjevinga av Sogor, på å få innpass i eit av dei største forlagshusa.

Anders Vassbotn dreiv kampanje for boka og provoserte fram ein debatt med Rasmus Steinsvik, redaktøren i Den 17de Mai, om kvifor avisa ikkje hadde meldt Sivles bok. Steinsvik svarte ikkje direkte på kvifor denne boka ikkje var blitt meld, men viste til at Den 17de Mai hadde hatt artikkel på artikkel om Sivle og følgd forfattarskapen hans tett.

Vassbotn hadde då allereie i ungdomslagsbladet Unge Skud brukt store ord om boka: ”Han er skald heilt igjennom. Det er ægte tonar fri for 'laging' og tilgjerdsle. Ein kjenner seg yngd og uppfriska som aa koma fraa ein skoddetyngd dal til dei friske høgder og ein anda inn den gode fjellbrisen i djupe drag,” skreiv Anders Vassbotn.[xxii] 

Sivle-Stubbar I (1895)

Per Sivle gav òg ut ei ny stubbe-samling i 1895, denne gongen med tittelen Sivle-Stubbar I. Boka kom ut hos forleggjaren Ingvald Dahle, som Per Sivle var blitt kjend med, og som sidan 1888 hadde drive ein papirhandel i Sandnes, som han gradvis arbeidde opp til regulær bokhandel og forlagsbase. At Sivle skulle gje ut ei bok her, at han valde ein heilt ukjend forleggjar i periferien av norsk bokbransje, seier truleg litt om korleis Sivle vurderte denne boka, men mest om kor lite strategisk og langsiktig Sivle forvalta forfattarnamnet sitt.

Denne gongen hadde ikkje stubbane tema frå Voss og heller ikkje Kolbein Hausa som forteljar. Det var ein ny stubbesjanger, talet I varsla at han hadde fleire i ermet, men det skulle bli med denne eine utgjevinga. Boka består av ei innleiing og tre stubbar, ”Hausen min” – om det plagsame hovudet – ”Eksport, og sumt anna” – om dei mislukka stipendreisene – og ”Staven min” – om ein god, no avliden ven frå Drammen, A.T. Holst.

Boka gjorde lita lukke, og blei ikkje omtalt av litteraturkritikarane.

Skaldemaal (1896)

Hausten 1896 kom Per Sivle med ny diktsamling på Litléres forlag i Bergen, som no var overtatt av Johannes Andersen, etter at grunnleggjaren Mons Litlére var død. Boka fekk tittelen Skaldemaal og blei den fyrste boka sidan Streik i 1891 som blei omfatta med brei interesse i dei større avisene. Dagbladet var igjen avisa som slo an tonen. Rosenkrantz Johnsen skreiv at Sivles stil var ”knap og klar, hans Ord pregnante; kun sjelden støder han Øje og Øre med disse slidte, billige Rim, som Versemagere elsker så højt”.[xxiii] Venstreavisa Bergens Tidende følgde opp og skreiv hastemt om Sivles dikt at i ”sin Fylde og Skjønhed senker de en Bølge af Fryd gjennem Sindet”.[xxiv] Bergens Aftenblad opplyste at Sivle ”er en født Digter, og han er en Mand”![xxv] Medan Romsdals Budstikke noko seinare slo fast at Sivle ”kommer til at leve længe i vor Literatur paa disse smaa Mesterværker”.[xxvi] 

Endå ein gong var det det konservative Aftenposten som skulle vise seg mest kritisk: ”Af Per Sivle, som allerede har erhvervet sig et vist Navn i Litteraturen – rigtignok mere et Parti- end et Landsnavn – er der udkommet en ny liden Digtsamling ’Skaldemaal’. Det er en meget ujevn Samling.”[xxvii]

Igjen var dei nasjonale tema i fokus. Den førre diktsamlinga blei avrunda med eit dikt med tittelen «Syttende Mai». Denne opna med eit dikt med tittelen «17. Mai». Sivle var fyrst og fremst eit politisk diktar, han skreiv for å styrke nasjonalkjensla og oppeldne sjølvstendekampen. Politisk stod han midt i striden, litterært og estetisk var han snarare i utakt med dei rådande retningar. Han prøvde seg rett nok, ein finn nokre modernistiske tilløp, tydelegast i diktet ”Døden” i denne samlinga, der Sivle for fyrste og siste gongen skreiv eit langt dikt utan rim og i frie vers. Men generelt gjeld det at Sivle var i takt med dei politiske tendensane, og i utakt med dei litterære. Sivle var viktig for den politiske retninga som skulle vinne fram det komande tiåret, og uviktig for dei som skulle få definere kva som var den mest interessante 1890-talslitteraturen.

Nationalt Selvmord (1897)

I 1897 gav Per Sivle ut si einaste sakprosabok, føredragsmanuskriptet Nationalt Selvmord. Boka var resultat av ein lenge føredragsturné han hadde vore på, der han dels hadde argumentert politisk for nasjonalt sjølvstende og dels lese opp utvalde dikt frå eigen produksjon. Han heldt føredraget fyrste gongen den 9. desember 1895, og turnerte deretter mykje av landet i 1896 med det.

Grovt sett var det to overordna poeng i føredraget. For det fyrste ville Sivle slå fast betydninga av ei nasjonalkjensle i seg sjølv og det universelle historiske sambandet mellom sterk nasjonalkjensle og sosial, politisk og kunstnarisk framgang. For det andre ville Sivle få fram korleis nordmennene gong på gong hadde synt sviktande nasjonalkjensle, korleis nasjonen heilt frå fødselen hadde hatt ein suicidal tendens, ei latent og destruktiv drift mot nasjonalt sjølvmord. 

Der Sivle i 1894 opna diktsamlinga Noreg med linene ”Og Noreg vart funne, / og Noreg vart bygt” og dimed hadde lagt opp til eit nærmast metafysisk nasjonsomgrep, med den ferdige og uforanderlege nasjonen Noreg som ein gong blei busett av dei fyrste nordmennene, opererte han no med eit meir organisk og konstruktivistisk nasjonsomgrep: ”Det er med Nationer som med de enkelte Mennesker: de fødes, de lever og de dør,” opna føredraget.[xxviii] Eit slikt organisk-konstruktivistisk nasjonsomgrep gav alle eit medansvar for nasjonens vekst og fall; utan eit levande nasjonalt medvit mellom innbyggjarane ville ein nasjon døy.

Sivle brukte historiske døme for å slå fast betydninga av ei sterk nasjonalkjensle. Historia har lært oss at dei største framskritta i menneskets historie står i samband med ei sterk nasjonalitetskjensle, påstod Sivle. Han hevda at dei tre kulturane som utgjorde søylene i den europeiske kulturen – den jødiske, den greske og den romerske – alle var prega av ein relativt mykje sterkare ”Nationalitetsbevidsthed” enn andre kulturar.

Men ei felles nasjonalkjensle var ikkje noko sjølvgjeve for ein nasjon. Den norske nasjonen hadde, ifølgje Sivle, heilt frå fødselen for over 1000 år sidan gong på gong prøvd å ta sitt eige liv. Unge Noreg var knapt ”kommet ud af Svøbet, før han begyndte at fundere paa Selvmord, og hvad verre er: gjøre iherdige Forsøg paa Selvmord”.[xxix] Sivle gjekk gjennom norsk historie og viste til døme etter døme på hasardiøse – og heldigvis mislukka – sjølvmordsfreistnader. Den fyrste stod allereie Harald Hårfagre for då han før sin død delte opp att det nysamla riket mellom sønene sine. Deretter kom freistnadene på rekkje og rad. Den verste freistnaden kom då heile det norske folket la seg til å ”sove” i 400 år, ved å underleggje seg dansk styre og stell. Eller som det heiter hos Sivle: ”Folket var ikke befriet for sin gamle Orm. Dets Selvmordslyst brød frem igjen. Men det tog nu Sagen paa en ny Maade: Det skulde dennegang prøve paa at sove sig ihjel. – Skal nemlig kunne gaa an, det med.”[xxx]

Sivles politiske bodskap var at no hadde vi brukt opp dei historiske sjansane våre. Om vi endå ein gong skulle vere trulause mot oss sjølve, ville den norske nasjonen døy. Difor var den overordna oppgåva no å samle det vaklande og splitta norske folket til vern om nasjonalkjensla.

Per Sivles føredrag blei ofte meldt i avisene, dei plassane han heldt dei, og oftast i sterkt rosande ordelag. Men sjølve utgjevinga av manuskriptet fekk ikkje omtale.

En fyrstikke og andre viser (1898)
En Fyrstikke og andre Viser kom ut på Det norske aktieforlag i 1898. Endå ein gong gav han ut ei diktsamling som stort sett inneheldt allereie publiserte dikt; han samla saman det som allereie hadde stått i avisene og gav det ut. Endå ein gong reagerte avisene ved å oversjå boka, ho blei ikkje meld.

Folk og Fæ (1898)
Same året fekk han utgjeve endå ei bok, ei lita samling med prosaforteljingar, barndomsminne i same sjanger som Sogor, berre mykje svakare reint litterært. Nokre av desse var òg for lengst publiserte, somme jamvel fleire gonger. Boka fekk tittelen Folk og Fæ, kom ut på John Fredriksons Forlag i Kristiania og sneik seg stille og umerkeleg inn i den norske bokheimen, umeld i avisene.

Olavs-Kvæde (1901)
Våren 1901 var Olavs-Kvæde ferdig. Per Sivle hadde 14 bøker på samvitet, men var ikkje husvarm i eit einaste forlagshus. Han hadde vingla frå bok til bok, han hadde fleire gonger måtta slå av på krava, nokre ting fekk han aldri ut i livet. Denne boka fekk han omsider ut på forlaget Bogvennen som Jens Vevstad nett hadde overtatt.

Frå 1894 til 1898 hadde Sivle gjeve ut åtte bøker, men no hadde det vore stille i tre år. Han hadde fått statens reisestipend alle desse tre åra, han hadde fått seg ein heim, betra arbeidsvilkår og skulle endeleg kome med ei ny bok. For fyrste gong gav han ut ei lyrikksamling med eit overordna og einskapleg tema, det var ikkje berre ei samling av ymse dikt, det var ein diktsyklus om Olav den heilages liv og lagnad. 

Det var dimed igjen store forventingar til ei Sivle-utgjeving. Men mottakinga blei påfallande lik den dei fleste av 90-talsbøkene hans hadde fått. Dei største avisene oversåg henne. Dagbladet, Verdens Gang, Morgenbladet og Aftenposten tagde. Éi melding var vilt panegyrisk, éi anna melding var oppmuntrande positiv, elles var det mest berre harde ord å hente: vonbrot, skuffelse og slakt.

Den panegyriske meldinga kom fyrst. Den 30. mars skreiv Anders Hauge i Den 17de Mai at det i denne samlinga var ”sterke dikt som rullar med kraftfulle bokstavrim som du høyrde havbaara; men der er og dikt so mjuke og fine at ein maa til ’Haugtussa’ skal ein finna noko som stend paa høgd med dei,” før han konkluderte med at ”Sivleguten stend aaleine. Han stend der breidvaksen som ein høgvarde paa eit fjell for seg sjølv. Ingen hev vore der uppe fyrr, og lite truleg er det at nokon vaagar seg upp og vil stella seg jamsides med han”.[xxxi] 

Vel så oppmuntrande som denne overdrivne hyllesten var det at den tonegjevande kritikaren i Bergens Tidende, Bolette Christine Pavels Larsen, to veker seinare sa seg meir enn nøgd med boka. Pavels Larsen hadde meld bøker i 17 år i Bergens Tidende, ho var ein sterk og sjølvstendig kritikar, med eit breitt kontaktnett i det skandinaviske litterære miljøet. Pavels Larsen var imponert over Olavs-Kvæde, ho trekte spesielt fram naturskildringane hans og skildringa av Olavs reise langs Vestlandet: ”I Knaphed og rørende Skjønhed er det enestaaende. Vi finder neppe nogetsteds i vor Literatur Vestlandets Karakter saa inderlig forstaaet som i disse Vers af Sivle.” Ho konkluderte med at ”i Historien vil han rage frem og indtage en Særstilling blandt dem, som var med at fremme en norsk Renæssance.”[xxxii]

Men sett bort frå desse to meldingane var det få lyspunkt å finne. Ille var det at dei største avisene så glatt ignorerte han. Verre var det at mange av dei gamle støttespelarane, åndsfrendane og jamvel venene hans vende tommelen ned for boka. Halvdan Koht skreiv resignert i Syn og Segn at det var ”Per Sivle dette, i gamal brage – sume stader; men mange stader er det berre klingklang og fagre rim, og sine stader er det ikkje so mykje ein gong”. Dei fleste av dei gode dikta var gamle og tidlegare publiserte, fastslo Koht, og ”dei fleste nye er berre ord og rim utan saft og kraft”. Ein kunne lese ”side upp og side ned, utan ein finn ein einaste sann diktartanke”, refsa han.[xxxiii] 

Sivles ven Rasmus Løland tykte heller ikkje om boka og klarte ikkje å teie. Endå boka allereie var meld i Unglyden, sende han på eige initiativ inn ei samlemelding av ymse bøker, derimellom denne. Løland såg boka som ein uferdig torso: ”Som Olavs-kvæde no er minner dei oss um eit bilæthoggarverk som er stort emna, og godt fullført i eit og anna, men elles berre forma i dei grøvste drag og linor, som ein berre so vidt kan faa ein tanke um korleis kunstmannen hadde tenkt seg det.”[xxxiv] Rasmus Løland meinte boka av den grunn minte om Streik; dei var båe godt tenkte, dei kunne ha blitt gode, men diverre blei dei aldri fullførte slik dei burde ha vore det, det var noko halvt over båe bøkene. 

Dette blei Per Sivles siste bok. Men det er verdt å merke seg at mange av Per Sivles beste dikt aldri blei tekne med i noko diktsamling. «Dan fyrste Songen», til dømes, publiserte han ein einaste gong, anonymt i den vesle avisa Fedraheimen, og tok sidan aldri med diktet i noko bok. Heller ikkje klassikarar som «Gøym meg, Mor!», «Eit Ord» eller «Te Kjærasten min» kom nokon gong i bokform, før dei post humt-publiserte samla Skrifter.


________________________________________
[i] Fedraheimen, 28.12.1878.
[ii] Fædrelandet, 21.12.1878.
[iii] Bergensposten, 7.2.1879.
[iv] Sivle 1879:33. Dette er strofe nummer 13, av totalt 23.
[v] Sivle 1887:113.
[vi] Dagbladet, 9.4.1887.
[vii] Fedraheimen, 16.4.1887.
[viii] Oplandenes Avis, 14.5.1887.
[ix] Aftenposten, 28.4.1887.
[x] Sivle 1891:56.
[xi] Sivle 1891:155.
[xii] Dagbladet, 15.12.1891.
[xiii] Verdens Gang, 16.12.1891.
[xiv] Stockholms Dagblad, 22.12.1891.
[xv] Aftenposten, 22.12.1891.
[xvi] Winsnes 1961:336.
[xvii] Dahl 1984:194.
[xviii] Verdens Gang, 19.5.1894.
[xix] Dagbladet, 20.5.1894.
[xx] Verdens Gang, 5.1.1895.
[xxi] Den 17de Mai, 11.12.1894.
[xxii] Unge Skud, 3.6.1895.
[xxiii] Dagbladet, 11.11.1896.
[xxiv] Bergens Tidende, 8.12.1896.
[xxv] Bergens Aftenblad, 2.12.1896.
[xxvi] Romsdals Budstikke, 30.9.1897.
[xxvii] Aftenposten, 24.12.1896.
[xxviii] Sivle 1897:3.
[xxix] Sivle 1897:14.
[xxx] Sivle 1897:18.
[xxxi] Den 17de Mai, 30.3.1901.
[xxxii] Bergens Tidende, 13.4.1901.
[xxxiii] Syn og Segn, 1901, s. 189–190.
[xxxiv] Unglyden, 6.3.1902.