Det første utkastet til dette hyllestdiktet skrev Anders Hovden det året Per Sivle var hos ham på Lista, fra begynnelsen av juni 1894 til juli 1895.

Hyllestdikt om Per Sivle
av Anders Hovden

Som ein av-driven fugl er du i livet,
Per Sivle du vår skald —
som ein av-driven fugl, der havet er i rök og redsle,
og den gulbleike gru stikk hovudet or dypta.
Ein myrkers dag trugar deg alltid med sine lyn,
og fotfeste hev du aldri funne.

Frå barndomen av var du rotlaus,
over vogga di lyste ikkje moder-auga;
din hug voks i skuggen med alle sine broddar.

Ein rise vakta din ungdom,
hans hjarta var ei varmekjelde i eit isberg —
ei kjelde som aldri fann avlaup.
Is-jøklar regnde ned over din unge barm.

Og no?
Hugsår og helselaus starvar du —
arm og einsleg.
Livet er deg ein isheim til å frjose i,
og audna kjøver med sin tomleik.

Men lell so er hjarta ditt ein loge,
og ditt blod gneistar eld.
Solrenning stend det frå deg.
gror-vér og vår-evne —
Ijosbåror rullar ut over landet
med gledeljod og mai-liv i fylgje.

Din skjemt eig ein perleglans,
som einaste gråt kann dogge.
dine fridomskvad ein hugvarme-malm,
som berre den evlar gjeva
sorn smider våpen av sine Iekkjor —
våpen til å verja sitt liv,

Eg høyrde ei harding-fele:
Lystug Ijoma kåte hallingen
millom Iettliva ungdom
men den døyvde dur frå understrengjom
fanga meg med si evige sorg.
so eg måtte hugse meg som barn
då eg tralla i fjellet;
men det svara so hugtungt attende
at eg laut setja meg på tuva og gråte ...
Det sveiv meg fulla fyre
at her er noko i verda som heiter saknad.

Du er som harding-fela:
Når eg høyrer din lått,
vert eg alltid tung i hugen —
han fangar meg duren av understrengjom;
for eg har vore ditt hjarta so nær,
Per Sivle, min ven, du varmaste, du beste!
Når du skjemtar mest, veit eg
du som Tormod skald helst gjeng med pilen i hjarta.

Tru meg, Per Sivle, du vår skald!
Ditt ettermæle skal ikkje verte heimlaust,
det skal slå rot i landet med ære;
ungdomen skal binde minnet ditt kransar
på «Wergelands dag»,
og fedrelandet skal nemne deg den trufaste
i ei tung tid.


(starva: arbeide, lide, slite, streve)
(audna: tomrommet, mangelen)
(evla: makte, vere i stand til, ha evne til)