Per Sivle  - nasjonalskald og politikar
Av Herbjørn Sørebo

Med rette kan han kallast nasjonalskald. Den mest kjende songen av Per Sivle i dag, «Den fyrste songen» med den fine melodien av Lars Søraas, fekk eit løft då Herborg Kråkevik tok han med på suksessplata si. Nå tenkjer dei fleste på vestlendingen som nynorsk diktar, men han skreiv om lag like mykje på norsk-dansk som på norsk. Det må tyde på at diktaren lykkast best med det målet som låg nærast tungemålet frå barndommen, og det har vore det slitesterkaste.


Etter det vi veit er «Den fyrste songen» det første diktet Per Sivle skreiv på nynorsk. Det vart prenta i bladet Fedraheimen 21. november 1877 men då i ei mindre rytmefast form enn den vi kjenner nå, og det er bytt ut ord i den originale versjonen. Det er uvisst om det er Per Sivle sjølv som har retta, slik han ofte gjorde. Det hende at han først skreiv på norsk-dansk, og så nydikta han det same på nynorsk lenge etter fordi han tykte det vart best då, og det hadde han rett i. «Den fyrste songen» kjenner vi berre på nynorsk, her med rettskriving frå 1909:


Den fyrste Song eg høyra fekk
var Mor sin song ved Vogga.
Dei mjuke Ord til Hjarta gjekk,
og kunde Graaten stogga.

  Dei sulla meg so undarleg,
so stilt og mjukt te sova.
Dei synte meg ein fager Veg
upp fraa vaar vesle Stova.

Den Vegen ser eg enno tidt
naar eg fær Auga kvila,
der stend ein Engel, smiler blidt,
som berre ei kann smila.

Og naar eg sliten trøytnar av
i Strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå Mor si Grav
den Song som all Ting heilar.


Det stod ikkje namn under diktet den første gongen det vart prenta, berre ein S. Med denne bokstaven løynde Per Sivle seg ofte i den tida.

Ytre sett var livet til Per Sivle ein tragedie. Det var berre så vidt livet hans vart berga i fødselen. Tvillingbroren hans var dødfødd, og om han som vart Per sa jordmora til kvinna som var med og hjelpte henne: «La den daude ungen vere», men ho retta seg ikkje etter oppmodinga. Ho fekk liv i guten. Fødselen hadde eit dramatisk førespel. Mora, Susanna Ryum, var ugift. I mange år hadde ho stelt for ei sengeliggjande faster på Stalheim. Der vart ho med barn. Han som barnefar skulle bli, hestehandlaren Eirik Sivle, var aust om fjella den vinteren og ikkje til å få tak i før til våren. For Susanna var døra stengd i barndomsheimen. Ho sat ofte på Stalheimsberget i tankar om å kaste seg ut for stupet. Ut på vinteren kom bror hennar og henta: henne på ein høykjelke over Nærøyfjorden. På turen prøvde Susanna å kaste seg ut i ei råk, men broren fekk tak i henne og greidde å halde henne att. Då braut ho lårhalsen. Slik kom ho til halvsøstera si; Gjertrud på Framigarden i Flåm. På dåpsattesten til Per Sivle står det «Uægte født», og der er namnet Peder Eriksen.

Hestehandlaren Eirik Sivle var ein raus kar. Han tok ansvar, henta mor og barn og gifte seg med Susanna: Ekteskapet kom ikkje til å vare så lenge. Berre 38 år gamal døydde Susanna i ei blodstyrtning. Ho hadde tuberkulose, og dessutan var ho merkt av tre tvillingfødslar på to og eit halvt år med fem dødfødde barn.

Etter dette vart Per Sivle send på omgang mellom skyldfolk. Han var seks år gammal då han kom til Bottelv og Brytteva Brekke mellom Stalheim og Sivle, og der voks han opp som deira eige barn, nærast som einebarn. I den tida vart han kalla Per Brekke. Bottolv og Brytteva hadde herre ein son frå før, Olav, og han var 17 år då. Han gjekk på lærarskole og var til stor hjelp for fosterbroren. Det var ein god heim å vekse opp i. Per Sivle fekk ei streng oppseding, sett med våre auge, men folk ville ha det til at han vart litt bortskjemd. Han var ikkje så mykje med i arbeidet på garden, og far hans hadde alltid med seg noko omframt til han når han helsa på. Han betalte raust for guten. Sett mot den bakgrunnen han hadde er det likevel lett å forstå at Per Sivle heile livet undrast på korfor han hadde fått leve. Mora høyrde han alltid så mykje fint om, kor dugande og flink ho var, snill og hjartegod. Han hugsa berre som ein glimt av henne. Saknet av mor ligg under i «Den fyrste songen».

To år på folkehøgsskolen i Sogn, der den teologiske kandidaten Jakob Sverdrup var styrar, vekte interessa for politikk hos Per Sivle. Snorre var den kjæraste boka han hadde, og han var flink til å skrive stil. Skolen hadde eit kristeleg grunnlag, og Per var mykje plaga av pubertetsvanskar. Driftene i kroppen gjorde at han kjende seg som ein syndar. «Ungdomssynda», onani, vart framstilt som den reine fortapinga den gongen.

Ei kort tid etter folkehøgskolen arbeidde , han på ein fruktgard i Sogndal. Eigaren, Henrik Krohn, var ein glødande målmann, og synet hans på målspørsmålet tok Per Sivle med seg På den førebuingsskolen som hjelpepresten på Voss hadde sett i gang lærte Per Sivle framande språk i eit år. Då skreiv han dikt i lokalbladet. Der hadde han teke til å skrive litt alt då han gjekk for presten. Så reiste han merkeleg nok til Statens planteskole på Sandnes. Då tenkte han seg til å bli forstmann eller gartnar.. Den interessa miste han fort. Viktigare var det at han vart riven med i den religiøse vekkinga som heimsøkte den landsdelen då. Det gjorde ikkje dei personlege vanskane han sleit med i sitt eige sinn mindre.

Det låg i dagen at Per Sivle skulle gå skolevegen. Dermed bar det av garde til Kristiania. Han vart elev på den fine Aars og Voss skole. Far hans, hestehandlaren, hadde råd til det. For Per sjølv var spørsmålet om han skulle bli prest eller diktar, men han var ikkje så viss på kva han skulle ta sikte på å slå seg fram med. Han tenkte også på å bli general, vitskapsmann, målar eller professor.

Men høi over disse jeg saa dog en anden: ; en digter med krandsen av laurbær om panden.

Vi veit lite om kva omgang han hadde, men Per Sivle hadde lett for å vinne venner. Blant dei han var i lag med var den seinare så fargerike presten Anders Hovden og Bernt Støylen, som dreiv det til å bli biskop. Per Sivle hadde også ein viss omgang med ungdommar som ferdast i Kristianiabohemen. Han gjekk inn i ei eksistensiell krise, og det skal mindre til enn bakgrunnen hans til å komme opp i det.

Så slo tragedien til endå ein gong. Det siste gymnasåret fekk han kregda (meslingar). Det gjekk til augo, og han fekk ein nervesjukdom som han aldri vart kvitt. Han måtte slutte med lesinga. Det var til stor sorg for faren, som såg at sonen vart gåande og drive. Eirik Sivle gifte seg aldri att. Han kjøpte ein liten gard på Langum nær Drammen. Der gjorde han i stand eit kvistrom som han kalla Likkista. frå, Der skulle han stengje sonen inne når han vart galen, sa han.

Den eksistensielle krisa kjempa Per Sivle seg gjennom. Han vart med i ein radikal diskusjons klubb som var skipa i Drammen med namnet ”Kammeraten”. Der hadde dei handskrive blad og bruk for pennen hans. Med brodd mot borgarskapet skreiv han petitdikt og viser som vart seIde på torget. Dette var utgangspunktet for redaktørstillinga i Buskeruds Amtstidende. Her skreiv han kraftfulle artiklar om politiske emne, fridom og norskdom, riven med av den folkelege bølgja som gjekk over landet i den tida. Papirarbeidarstreiken og ei opprørssamling på torget som førte til at ein ung gut vart drepen gjorde sterkt inntrykk og vart emne for romanen Streik, den første romanen i norsk litteratur s sette som arbeidarane i sentrum.

Sosialist vart vel ikkje Per Sivle nokon a gong, men han stod alltid på dei små i samfunnet og arbeidarane si side, og han gjorde andre til sosialistar. Redaktørstillinga i Drammen hadde Per Sivle frå 1883 til 1885. Det samfunnssynet han i utvikla og dei framgangsvegane han såg då tok han med seg til redaktørstillinga i Kristianiaposten i dei stormfulle åra 1887 - 91. Han gjekk djervt inn i den politiske kampen som «tutarhorn» for Johan Sverdrup, og i tillegg til dei politiske artiklane skreiv han formfullende dikt med i ein sterk nasjonal og sosial appell. Som redaktør var det dei store sakene han var oppteken av, unionspørsmålet, norskdom og fridom. Småsakene brydde han ikkje om. Det var nok rett at han var eit ”tutarhor” for Johan Sverdrup.

Dei to forste diktsamlingane av Per Sivle vart fort gløymde, og takk for det. Då hadde han ikkje funne si form. Av En Digters Drøm i 1878 under psevdonymet Simon de Vita og Digte året etter med rett namn var nokså bleik poesi som var prega av religiøse klisjear. Gjennombrotet kom med den såre forteljinga Berre ein hund, som fleire generasjonar barn, og vaksne med, har felt tårer over. Det som gjorde at Per Sivle vart ein populær diktar i samti- da, er forteljingane som delvis byggjer på minne frå barndommen, Vossastubbane, som han også delvis tok med seg heimanfrå, og så dei sterke og formfullende sogedikta. I periodar las han Snorre kvar dag.

Diktinga til Per Sivle høyrer til den nasjonale arven vår, og dikt kan det vere styrke i. Dei kan beint fram vere farlege lenge etter at dei blir skrivne. I EF-kampen vart dikt av Per Sivle brukte - somme sa misbrukte, og under krigen vart det sendt ut arrestordre på diktaren. Okkupasjonsmakta likte ikkje dikt dei hoyrde av han:

Vi vil os et Land, som er frelst og frit
og ikke sin Frihed maa borge.
Vi vil os et Land, som er mit og dit,
og dette vort Land heder Norge.
Og har vi ikke det Land endnu,
saa skal vi vinde det, jeg og du.

Brennande aktuelle under den tyske okkupasjonen vart liner som desse, sjølv om dei var skrivne i ein heilt annan situasjon:


Det ringjer til Likferd i Bringa paa han
som høgg sitt Sverd i sit Fedreland.


Den gongen tenkte nok mange på det norske flagget når dei las eller høyrde desse linene i det store diktet om Tord Foleson:


Og det er det stora og det er det glupa
at merket det stend om mannen han stupa.


Heile livet vart Per Sivle plaga av nervesjukdommen som førte til hovudverk og nakkekrampe som gjorde at han ikkje greidde å skriva noko brukande. Han kom ikkje lett til noko. I dei periodane han ikkje var i fast arbeid som redaktør forte han eit omflakkande liv. Han levde så å seie frå hand til munn, budde hos venner her og der, las opp og tala på møte.

Danmark vatt han knytt til med sterke band. I København møtte han færøyingar og vart oppglødd både for språket og dansen. I Sønder-Jylland fann han den same fridomslengten som han kjende heiman frå, og han gledde seg ovet at dei og skjøna landsmålet hans. På Askov Højskole møtte han Wenche Nilsen, dotter til ein bergensk seglmakar og skipsreiar. Henne vart han gift med, og dei fekk dottera Sussi (Susanne). Han var ein kjærleg far, men ekteskapet vart vanskeleg fordi ektemakane måtte vere frå kvarandre i mange år av økonomiske og praktiske grunnar. Då Eirik Sivle døydde i 1898 arva Per Sivle garden på Langum og ein slump pengar. Då trudde dei det skulle bli betre, men det var for seint. Per Sivle dugde ikkje til å drive gard, nærsynt og kraftlaus som han var. Då hadde også drykken teke overhand, ei last som han la seg til etter dokterråd mot nervesjukdommen, truleg for å hindre at han vart morfinist. Garden på Langum vart seId, og Per Sivle skafra seg husrom i bygarden til garvar Mjølva i Drammen. Der budde han dei siste åra.

Pengesorger

Fleire gonger fram gjennom 90-åra hadde Per Sivle statsstipend. Først var det Schaffers legat i 1888, så reisestipend i 1891 og 1892, deretter i 1898, 1899 og 1900. Han fekk også støtte av staten etter særskilt stortingsvedtak. Det var politisk strid kvar gong, og så tok det slutt. Han tok livet sitt på badet i Kristiania. Det har ofte vorte framstilt slik at det var bortfallet av statsstønaden som førte til det tragiske sjølvmordet, men professor Bjarte Birkeland - som tok doktorgraden på Sivle og diktinga hans - nenmer ei anna årsak i tillegg til økonomien. Per Sivle merka sjølv at han ikkje hadde meir å gje.


Og eg var eit Barn, og eg er ein Mann,
og mykje eg vona, og lite eg vann.
Eg vanka og flytte paa villande Fot,
og jamnast so bar meg no vegen imot.
Og no er eg trøyt, og eg stundlir til Natt
og berre ein einaste sukk hev eg att:
«Mor, Mor, gjøym meg, Jord".



Gledestunder

Per Sivle hadde eit splitta sinn. Han kunne vere i høgt humør, men ofte langt nede, særleg når hovudverk og nakkekrampe slo til. I ettertid kan det undre oss at han hadde så store vanskar med å finne forleggjar. Ei av bokene var det Helge Væringsaasen som kosta. Kritikken var vekslande, og negativ kritikk gjekk hardt inn på han.

Trass i alle vanskar hadde han likevel sine gode stunder i glede. Han vart boren på gullstol då han .las dikt på ein venstre-landsfest, og han fekk stor fagning ved opninga av Håkonshallen i Bergen. Han hadde vanskar med å få arbeid få handa og måtte skuvast i gang. Det vart mykje bruksdikting, men mange store planar vart aldri sette ut i livet. Romanfonna høvde han ikkje. Det var lyrisk inspirasjonsdiktar han var, og det kunne slå ut i rein og uforfalska glede som på ein tur i ein dansk skog.


So andad eg ut av min Barm so saar
den Daude-Dumba i djupe Drag,
og drak av den Lufti so frisk og klaar,
og klinkad med Livet, som liver i dag;
eg nikkad til Lauv og til Gras og til Blom
eg trallad aat Fuglo, so Lunden gav Ljom
han Per, han Per, -aa hei! hurra!
Tralala! han er her!
Og det kan han kjenna ikvell, ikvell,
at livet det er daa det likaste lell."


Og heime kunne han syngje:


Og vesle Lerka, ho hev det so,
at finn ho ein Tuvetopp, fri for Snjo,
so kved ho i med sin gladaste Song,
so trur ho på Vaar med ein einaste gong.
Aa hei! Aa hi! Aa tiriliti!


Det kom nok frå hjartet når han bad Gud om å signe den vesle fuglen og gje han sjølv soltru til å syngje med.