Nokre ord om Per Sivle
Av Olav H. Hauge

Norsk soge er tragisk. Uppgangstider skifter med forfall; det er eit under at dette lange hengslute landet med so store motsetnader i livskår og folkelynde i det heile har hange saman. Boksoga vår er som den politiske, ho er tragisk. Det er vel ein samanheng her: når åndskrafti tryt, veiknar viljen til sjølvstende.

Dei tvo siste hundreåri har me vore på uppveg, det har vore ei atterreisingstid, og me har hatt fyregangsmenn på mange umkverve.

På Stalheim stend ein stein til minne um ein av dei. Per Sivle. Namnet fester seg lett – det minner um vind og elvesus i fjellet. Han var diktar, lat meg heller segja skald; har nokon fortent det ordet, er det han.

Skriftene til Sivle tek ikkje stor plass i bokhylla, og det er ymist i bøkene som ikkje har so mykje å segja oss lenger, det kan vera agitasjonsdikt og harmlause forteljingar som gjorde nytte i si tid. Men det beste er tindrande friskt. Nokre forteljingar og sogor, ein slump dikt og ein roman – og me har Sivle. Ingen skal lasta han for at han ikkje gjorde meir, det er ikkje sidetalet det kjem an på.

Noko av det mest verdfulle er forteljingane og sogone, novellene um me vil kalla dei so. Her tek han av sitt eige. Dei er mykje godt laga av slikt han hadde set og upplevt eller høyrt i heimbygdi. Vilhelm Ekelund, den store svenske diktaren og litteraturkjennaren, segjer ein stad at det som slær han når han les Vinje, ”är hans förhållande till barn och djur”. Det same kan ein segja um Sivle, han stend kanskje born og dyr nærare. Men han vik ikkje attende for det nifse og uhyggjelege, det var ikkje berre mildskap i bygdelivet, det stend kaldtokke av sogor som ”Dragsmålet med Hinmannen” og ”Lumhunden”. Den barokke humoren er elles ekte vestlandsk; dei kalde ordi løyner ein sår botn. Han kan vera raust og festleg, som i ”Slumpelukko”.

Det er ikkje stemningar som sermerkjer forteljingane, men kjensle, naki nerve, serleg medkjensle med dei som lid urett. I sogone og stubbane er det forutan humoren det friske språket ein fester seg ved; so ramsalt norsk hadde ikkje fyrr vore skriven. Aasen, Vinje og Garborg skreiv nok folkeleg, men språket deira hadde mange litterære innslag. No hadde Sivle eit av dei beste bygdemåli i landet å byggja på; det var so fullt av hoggande gode ord og uttrykk som aldri hadde kome på prent fyrr. ”[…] guten kom veggjande vidopen ned i vatnet,” stend det i ”Heimadøypt”. Jau, der var nok å ta av, det har Bjørgaas og Bygd synt òg.

Like folkekjære som forteljingane har dikti hans vorte. Dei treng ikkje mykje uttyding, dei talar for seg sjølv. Dei fleste er laga til å segjast fram. Strofone er einfelte, grovhogne, fyndige; her kan vera geniale grep i stoffet, og stundom storlagde bilete som i ”Harald Hårfagre”. Han er sjeldan abstrakt; ofte gjeng han ut ifrå ein konkret situasjon hjå Snorre, ritar personar og hending med få strek, og veit på ein meisterleg måte å få det til å høva på samtidi. Mange dikt er som sagt agitasjonsdikt, skrivne til vekkjing og maning i ei kamptid. Det vart laga ei mengd slike dikt her i landet fyre og etter hundreårsskiftet, men Sivle er ein av dei få som makta å lyfta det politiske dikt til stor litteratur. I dei beste driv han nemleg ikkje agitasjon og indoktrinering, men politisering. Med døme frå soga, som han fører yver på aktuelle tilhøve, vil han få folk til å sjå og tenkja sjølve. Me synest gjerne det er mykje lurblåst og dunk på skjold i dikti, men det skulde so vera i den tidi.

Visst var Sivle nasjonalist, men ingen nasjonalromantikar. Målet var sjølvstende og sant folkestyre – dei fleste diktarane våre drog i hop i desse sakene. Dei forstod òg kva urett arbeidarar og småfolk leid, og hadde skildra dei elendige kåri dei levde i, eg tenkjer serleg på skildringar av Kielland, Lie, Garborg og Amalie Skram, men ingen av dei stelte seg so solidarisk med arbeidarane som Sivle. Han skyna at dei kunde ikkje venta nåde og hjelp frå makthavarane, dei laut slå seg saman og kjempa for sine krav. Eg veit ikkje kor grundig kjennskap han hadde til sosialistisk ideologi; at han kjende hovudtankane, er lett å sjå; elles var tilstanden slik i underklassen at folk med litt rettferdssans laut sjå uretten. Alt dette kjem tydeleg fram i ”Streik”, romanen han skreiv om sagbruksarbeidarane i ein austlandsby. Romanen er skjemd av tendens, stend det i litteraturhistorier eg har set i. Kanskje det. Det er greidt kva side forfattaren stend på i den konflikten det er fortalt um, um det skal vera noko lyte. Det er ei sterk og modig bok, på ein måte den fyrste freistnad på sosialistisk realisme i Noreg.

Garborg kom ein gong til å segja – det var med Sivle enno levde – at det var noko uheilt og stubbut yver diktingi hans. Det hadde han vel noko rett i, dei hadde vel venta meir av han. Likevel, me ser det er samla vilje i det han gjorde; han var ein merkesmann i samtidi og har vorte ein varde for ettertidi. Diktingi hans har vidt spenn, endå so stutte og einfelte dei einskilde tingi er. Dei gripande personlege dikti syner at han var ein samansett og gåtefull karaktertype. Var han i grunnen skapt til stridsmann? Det skil seg um han ikkje heller var ein drøymar som tid og umstende tvinga inn i eit utettervendt livsmynster. Men ingen sigrar utan offer.

Olav H. Hauge

[Artikkelen er henta frå Bjarte Birkeland (red.): Sivle frå Voss, Det Norske Samlaget, 1974]