Per Sivle - internasjonalt nasjonal - av Rolf Theil

Av Olav H. Hauge


– Per Sivle er mellom dei mest tonesette av diktarane våre – på tredjeplass etter Bjørnson og Garborg. I dag er det 120 år sidan denne poeten, forfattaren, redaktøren og omtykte føredragshaldaren frå Voss skaut seg på Kristiania Bad – tysdag 6. september 1904, 47 år gamal.

«Dan fyrste Songen» stod i Fedraheimen i 1877 – fyrste året denne viktige landsmålsavisa kom ut – og Sivle hadde gjeve ut dikt i 1878 (En Digters Drøm) og 1879 (Digte). I 1887 vart han landskjend med bøkene Sogor og Vossa-Stubbar. I soga «Ein Triskiling», med eg-personen Per, får me kjensla av å vêra den seinare tragedien: «Strakst ovan Garden er der ein hardla høg, bratt Hamar; men fremst framme paa Floget stend det her ei stor Bjørk, som tøygjer seg lika ut yver Djupni.» Per fór og kleiv i den bjørka:

"Ein galen Tanke steig meg upp i Hausen: um eg no berre ein Augnablink slepte Taket, so kunde dei sidan hava Takk for meg! … Men naar dei fann meg der i Urdi nedanfyre, sundslegen, blodutt og livlaus, jau, so kunde det vel henda, der vilde verta Syrgjing og Tuting!"

Sivle var fødd utanfor ekteskap, miste mor si som toåring og budde i tre fosterheimar, medan faren – hestehandlaren – jamt var på farten. Han budde aldri lenge på same staden og «var på mange måtar heimlaus heile livet», som Eirik Helleve skriv i Norsk biografisk leksikon. Ein nyleg dansk studie fortel at born og unge som flyttar ofte, har større risiko for depresjon seinare i livet. Flyttar dei ein eller fleire gonger før dei fyller 15, kan det påverka den psykiske helsa deira.

I 1875 flytte Sivle til Christiania for å ta examen artium og studera til prest. I 1905 skreiv Anders Hovden biografien Per Sivle. Ei livssogu. Dei to var vener i 26 år, til det siste. «Det var nemnt oss imillom, at den lengstlivande skulde reise sin vens ettermæle.» I boka står eit dikt Hovden skreiv om Sivle i 1897. Her er eit vers:

"Du er som hardingfela:
naar eg høyrer din laatt,
vert eg tung om hjarta;
for han fangar meg, ljoden av understrengjom."

Ein kveld vinteren 1880 kom Sivle inn på hybelen til Hovden – som sat og sprenglas latin i lag med ein kamerat – og sa «han hadde vorte – miljonær». Sist sumar var han vestpå og fann ei gullgruve. Eit engelsk samlag hadde kjøpt driftsretten for ein halv million. Hovden og kameraten vart «straks slike filantropar, og fekk det so braatt med umsut for dei fatige.» Men Per svara at «heretter fær dei fatige hjelpe seg sjølv. Han hadde so lengi vori fatig, so no vilde han leva, han med». Og venene var «heretter ikkje … høvelegt sellskap aat honom». Men han såg kor svoltne dei var, so dei skulle få koma dit han no budde, i eit stort gilde. Elles «kom der berre fine og dana folk»:

"Me maatte leggje vinn paa aa bera oss som folk, helst sitja still og ikkje segja noko. Framum alt maatte me ikkje skjemme lage med dette raa bondemaale; for det kom damur. Sjølvsagt kunde me ikkje møte fram i vaare eigne klæde og sjaa ut som me var henta beint ned fraa fjelle. Skræddaren hans skulde laane oss snippkjolar."

Hovden bad han fara nord og ned med «rumpekjolane og alt det andre». Snart brast Sivle ut i lått – alt var lygn. Han kom for å fortelja at han hadde vore hos dokteren, som hadde forbode han å studera – til både artium og prest.

I 1881 flytta han difor til Drammen, der faren hadde kjøpt ein gard, og budde der til 1885. Åra i Drammen endra Sivle. Fyrste året var han vitne til streiken ved sagbruka, då staten sette inn soldatar som skaut med skarpt mot streikande arbeidarar og drap ein syttenåring. I 1891 gav Sivle ut romanen Streik, som bygde på desse hendingane. «Ti år for seint, 80 år for tidleg», skriv Alfred Fidjestøl i Sivle-biografien Eit halvt liv (2007), men Sivle er ein pioner i norsk arbeidarlitteratur. Då Forlaget Oktober gav ut boka i 1975, skreiv dei føreordet at boka vart «lest i filler i arbeiderheimene i Drammen. Men borgerskapet skjelte den ut og beklaget seg over at en forfatter som var så anerkjent som Sivle, hadde levert et slikt fælt produkt i svart og kvitt.»

Måndag 6. desember 1897 hadde Sivle diktet «Sylvester Sivertson» på framsida av Dagbladet. Det tek til slik: «Eg fann i Drammen / ein Bautastein, / som vaktar yver / ein gild Manns Bein.» Her heidrar Sivle – sjølv redaktør for Buskeruds Amtstidende 1883–84 og Kristianiaposten 1887–91 –pressemann og skjåkvær Sylvester Sivertson (1809–1847), ein forkjempar for folkeopplysning og religionsfridom, for fjerning av jødeparagrafen og for eit skilje mellom kyrkje og stat.

I 1897 hadde Sivle ni dikt på framsida av Dagbladet: 24/3 «Blod»; 30/3 «Irland»; 12/6 «Noregs Dag»; 4/7 «Kuba»; 22/7 «Til Johannes Steen»; 21/9 «Samles skal Norge»; 2/10 «Til Fædrelandet»; 14/10 «Idag»; 6/12 «Sylvester Sivertson». Her er fyrste vers i «Kuba»:

"Hvad spørges der om Liv og Livets Ret,
hvor Rovdyr mener sig at mangle Føde?
– Den spanske Blodhund er ej endnu mæt
og tørster efter mere af det røde.
Og derfor er det, Kubas Folk maa bløde,
mens Kugleregnen falder tung og tæt,
– og Washington og London gaar og spøger
og hver sin øgte Havaneser røger."

Dette året sat kona Wenche enno i Bergen og skreiv brev til ei veninne:

"Om Sivle kan jeg fortælle, at han er paa Østlandet og skriver deilige Digte. […] Han har just i denne Vaar – Vaaren er han bedste Tid – skrevet adskillige nydelige Sange, som han strør for Vind og Veir i Aviser. Han er ikke og blir aldrig Forretningsmand."

Sivle var ingen forretningsmann, men viste seg som ein mann med internasjonal eldhug. Han skreiv ikkje berre dikt om norsk frigjering, men òg på kubansk og irsk. Frigjeringskrigen på Cuba varte frå 1895 til 1898, men enda med at landet vart hærteke av USA, som sidan kort tid etter revolusjonen i 1959 har forbode import av havannesarar.

Det meste av det Sivle skreiv, vart til etter 1885, året Stortinget jamstelte norsk og dansk skriftmål. Det norske skriftmålet – Landsmaal – lærte Sivle truleg ved folkehøgskulen i Sogndal 1872–73, der han møtte Henrik Krohn (1826–1879), leiaren for målreisinga på Vestlandet. Sivle meistra begge mål, og moderne nynorskfolk kjenner seg att.

I Norsk biografisk leksikon kallar Eirik Helleve Per Sivle for «ein av dei mest nasjonale diktarane Noreg har hatt.» Gjennom dikta sine var Sivle ein forkjempar for oppløysinga av unionen med Sverige. Gjennom dikta «Kuba» og «Irland» syner han seg internasjonalt nasjonal, og slik tillèt eg meg å tolka «Vi vil os et Land»:

Vi vil os et Land, som er frelst og frit
           og ikke sin Frihed maa borge.
Vi vil os et Land, som er mit og dit,
           og dette vort Land heder Norge.
                Og har vi ikke
                det Land endnu,
                saa skal vi vinde det,
                jeg og du!