Per Sivle sitt liv
Av Alfred Fidjestøl

Per Sivle var fødd 6. april 1857 i Flåm som son av Susanna Andersdotter Ryum og Eirik Sivle. Mor hans døydde hausten 1859, og Per Sivle voks difor opp i tre ulike fosterheimar, det meste av tida hos familien Brekke på Brekke-garden ved Stalheim. Frå 1872 gjekk Sivle to år på Jakob Sverdrups folkehøgskule i Sogndal, før han drog til Kristiania for å kvalifisere seg til gymnaset og eventuelle universitetsstudium. Sivle var skuleflink, men helseproblem gjorde at han måtte gi opp skulegangen utan å ha tatt artium.


Per Sivle gifta seg 1. august 1887 med bergensjenta Wenche von der Lippe Nilsen. Saman fekk dei dottera Sussi. Ekteskapet varte livet ut, trass i at ektefellane budde åtskilde i seks år, i samband med at Per Sivle ikkje var i stand til å forsørgje familien sin. Han livnærte seg som forfattar og avisredaktør. Han var redaktør av Buskeruds Amtstidende (1883–84) og Kristianiaposten 1887–1891 og gav i alt ut 15 bøker i ymse sjangrar.

Forfattarskapen til Sivle er liten, men påfallande mangfaldig, både tematisk, kvalitativt og når det gjeld sjangrar. Han bokdebuterte i 1878 som inderleg pietistisk diktar med det pseudonymt utgitte langdiktet En Digters Drøm. Og han følgde opp året etter med den sterkt religiøse diktsamlinga Digte. I november 1877 hadde han under signaturen S. fått diktet «Dan fyrste songen» på trykk i Fedraheimen.

I andre halvdelen av 1890-åra fekk han eit nasjonalt gjennombrot som lyrikar, med fem sterke diktsamlingar. Sivle skreiv då mobiliserande agitasjonsdikt for nasjonalt sjølvstende og såre personlege dikt om vonbrot og dødslengt om einannan. Han skreiv både på riksmål og landsmål. Mellom dei mest kjende nasjonale dikta er «Vi vil os et land», «Tord Foleson» og «Svolder».

Den einskildboka som litterært sett står sterkast i dag, er novellesamlinga Sogor, frå 1887, som inneheld levande klassikarar som «Berre ein Hund» og «Fanta-Nils». Novellene handlar om brytingar og konfliktar mellom barneverda og vaksenverda, og dei er skrivne frå ein forteljarposisjon som verken ligg hos barnet eller hos den vaksne. Sivle tenkte ikkje sjølv på tekstane som barnelitteratur, men mellom anna på grunn av Nordahl Rolfsens lærebøker blir desse novellene i dag rekna som eit vendepunkt i norsk barnelitteraturhistorie og gjennombrotet for ein meir direkte og realistisk barnelitteratur.

Sivle gav dessutan ut éin roman, Streik, basert på ein reell sagbruksstreik i Drammen i 1881. Romanen fekk hard medfart i samtida, og Sivle tok sjølv avstand frå han. Men i ettertid er boka blitt kanonisert, og i dag blir ho i fleire norske litteraturhistorier rekna som den første norske arbeidarromanen. Han utvikla òg sjangeren «vossa-stubbar», små burleske humoreskar, dels baserte på munnleg traderte forteljingar frå heimtraktene, dels som eigne kunstprodukt. 

Sivle var redaktør for to aviser, den regionale venstreavisa Buskeruds Amtstidende i 1883–84 og den nasjonale og politisk viktige Kristianiaposten frå 1887 til 1891. Redaktørtida i Buskeruds Amtstidende fall saman med klimakset i den politiske kampen for parlamentarisme, og avisa fungerte som eit mobiliserande organ for tilhengjarane av parlamentarismen. Sivle brukte her sine evner som polemikar og lyrikar i teneste for demokratiet.

Mykje vanskelegare var perioden i Kristianiaposten. Sivle blei tilsett idet venstrepartiet heldt på å rakne i ein moderat og ein radikal fraksjon, og Sivle blei ein reiskap for den moderate fraksjonen i partiet. Han freista rett nok den første tida å samle og forsone fraksjonane, men enda snart som ein prinsippfast forsvarar av dei moderate, i bitre ordskifte med radikale skribentar. 

Personleg opplevde Per Sivle mykje motgang. Han var helsesvak og alkoholisert, og han var kommersielt mislukka som forfattar. Litterært var han som lyrikar i utakt med dei hegemoniske tendensane innanfor kritikken. Politisk var han desto viktigare. Mange av dei nasjonale dikta hans blei publiserte med store oppslag i Dagbladet og Verdens Gang, og Sivle var openbert ein av dei viktigaste litterære aktørane for å mobilisere folk til kravet om oppløysing av unionen med Sverige. Sivle døydde knappe ni månader før unionen vart oppløyst, då han tok sitt eige liv, 6. september 1904.