Den 14. februar blir valentinsdagen markert, ein tradisjon med røter tilbake til Saint Valentine. I dag feirar mange dagen med blomar, gåver og romantiske overraskingar.
Men kjærleik er meir enn éin dato i kalendaren.
Valentinsdagen bør vere ei påminning, ikkje ei erstatning for omsorg i kvardagen. Kjærleik handlar om dei små tinga: ei melding, eit smil, tid saman, eit oppriktig «korleis har du det?». Han gjeld ikkje berre kjærastar, men òg familie, vener og andre vi bryr oss om.
Ekte kjærleik blir bygd gjennom jamn merksemd, respekt og nærvær – heile året.
For det er ikkje berre 14. februar som skapar sterke relasjonar - det er det vi gjer dei andre 364 dagane.
At Per Sivle sjølv vart sprudlande forelska då han ved Askov høgskule i Danmark møtte Bergenskvinna Wenche von der Lippe Nilsen – som han seinare gifta seg med – er det lita tvil om når vi les diktet hans «Te kjærasten min»:
Te Kjærasten min
Naar eg vakna um Morgonen tile,
ette Kvile
so trygt og so traust,
naar ho renn,
so da brenn
og da brile,
dan Soli darburte i Aust,
— daa sprett eg utor Sengi so kvik og so gla,
daa er dan fyrste Tanken eg i Hugen mune ha:
at du, ja at du er Kjærasten min,
og eg, ja at eg er Kjærasten din!
at du, du er min!
og eg, eg er din
at eg, eg er din
og at du, du er min!
— Gud signe no deg, du Kjærasten min!
Naar um Kvelden seg Solauga skunda
te aa blunda
dar Vest uti Sjo,
paa dan Ti,
daa i li
og i Lunda
da seg kurra mot Notti te Ro,
-- daa gjeng eg meg aa kvila, so
trygt, men so gla,
daa er dan siste Tanken eg i Hugen mune ha:
at du, ja at du er Kjærasten min!
at eg, ja at eg er Kjærasten din!
at du, du er min!
og eg, eg er din!
at eg, eg er din
og du, du er min.
-- Gud signe no deg, du Kjærasten min!
Høyr gjerne òg Jon Sverre Ruders si flotte framføring av diktet her: