Ein hyllest til våren!

Publisert av Fredrik Galtung den 03.05.26.

Det er noko med den første dagen det faktisk kjennest som vår. Ikkje kalender-vår, ikkje den der eine varme dagen i mars-april som lurer deg, men ein heilt vanleg dag der du går ut og merkar at lufta har endra seg litt. Du treng ikkje kneppa att jakka og det luktar svakt av våt jord i staden for berre kulde.

Per Sivle skreiv om våren som noko meir enn fint vêr. I dikta hans ligg det ei slags letting, som om noko slepp taket. I Vaar i Noreg er det ikkje store ord, men små rørsler: snø som gir seg, vatn som byrjar å renna, liv som så vidt viser seg. Det er lett å kjenna att.

For det skjer jo ikkje så mykje på ein gong. Det er meir at ting kjem tilbake litt etter litt. Du høyrer fuglane igjen, utan at du tenkjer over når det starta. Du ser folk sitja langs ein vegg i sola, sjølv om dei eigentleg burde hatt på seg meir klede. Nokon har bestemt seg for at det er varmt nok, og det held på eit vis.

I Paa solsida er det noko av det same. Ei rørsle mot det som er enklare og lettare. Ein trong til å vera der sola er, heilt konkret. Det er eigentleg ganske jordnært, og det er kanskje difor det fungerer. Det handlar ikkje om å bli ein ny person om våren, men om å få litt meir energi til å vera den same. Man speidar utover noko som framleis er ganske grått, men som ein veit kjem til å bli grønt.

Det er ikkje så mykje meir avansert enn det. Våren gjer at alt livnar til - det grønkast, det gror og spirer i kvar krok.