Når våren blømer over eit fritt land

Publisert av Fredrik Galtung den 08.05.26.

8. mai er ein dag for flagg, takksemd og ettertanke. I år møter frigjeringsdagen oss med frukttre i bløming og ein vår som ber lovnader om liv, arbeid og framtid. Men bak vårljoset ligg også alvoret hjå Sivle: Fridom må viljast, vernast og vinnast – av «eg og du».

Den 8. mai 1945 vart Noreg igjen fritt etter fem år med okkupasjon. Sidan har dagen vore ei markering av frigjeringa, men også ein dag for å heidre dei som tok opp kampen: motstandsfolk, krigsseglarar, sivile og veteranar.

I år fell dagen inn i ein vår som nesten verkar skapt for orda til Per Sivle. I diktet Her spirer i Norge let han landet vakne: det spirer og gror, skogen får lauv, flagga blafrar i vinden, og hjarta slår for retten til å rå over «vor egen, vor arvede Tue».

Det er lett å lese dei første versa som ein hyllest til våren. Men hjå Sivle er våren aldri berre pynt. Han er eit bilete på kraft. På vilje. På eit folk som ikkje skal stå stille, men «vidare framåt vil stevne». Og i siste verset samlar alt seg i orda som sidan fekk sitt eige liv: «Vi vil oss et Land som er frelst og frit».

Desse orda vart ikkje berre litteratur. Under okkupasjonen vart «Vi vil oss et land» også namnet på ei illegal avis, trykt frå oktober 1940, bore fram av menneske som nekta å la fridomen forsvinne i stille.

Difor treff Sivle oss framleis. Særleg i 2026.

For dette året er også Totalforsvarsåret i Noreg. Målet er å styrkje evna landet har til å førebyggje og handtere tryggingspolitiske kriser og krig – gjennom Forsvaret, sivile styresmakter, næringslivet, frivillige og folket sjølv.

Det gjer 8. mai til meir enn eit tilbakeblikk. Dagen minner oss om at fred og tryggleik ikkje er naturtilstandar. Dei er resultat av innsats, samhald, beredskap og vilje. I ei tid med krigar i verda og ei meir uføreseieleg verdsordning, får det siste verset til Sivle ein ny klang.

Våren lokkar oss ut. Han minner oss om alt vi ynskjer å ta vare på: heimane, hagane, skulane, lokalsamfunna, språket, minna, songane, flagga og fridomen til å leve vanlege liv. Nett difor må vi også våge å sjå alvoret bak bløminga.

Ikkje som frykt. Men som ansvar.

For totalforsvar handlar ikkje berre om soldatar, våpen og øvingar. Det handlar også om robuste lokalsamfunn, eigenberedskap i heimane, tillit mellom menneske og evna til å halde fast ved demokratiet når presset aukar. Det handlar om at landet ikkje berre er noko staten forsvarer for oss, men noko vi forsvarer saman.

Sivle skreiv ikkje: Dei skal vinne det for oss.

Han skreiv: «så skal vi vinde det, jeg og du

Der ligg bodskapen til 8. mai i vår tid. Vi skal glede oss over våren. Vi skal la frukttrea bløme, flagga vaie og dagen vere varm og ljos. Men vi skal også forstå kva ljoset kviler på.

Eit fritt land er ikkje berre arva.

Det må viljast.
Det må øvast.
Det må vernast.
Og om det gjeld, må det vinnast – igjen.

Her spirer i Norge


Her spirer i Norge, her gror i Dag,
og Skoven har Løv om sin Pande.
Her klinger af Toner, her lyser af Flag,
her yrer af Liv over Lande.
Og Gjøgen hilser den unge Vaar,
og Barmer svulmer, og Hjerter slaar.

De slaar for den Ret at vi raade kan
vor egen, vor arvede Tue.
De banker for Retferd mod hver en Mand,
mod ham i den laveste Stue. —
Det er en Lære som synes let:
Hvo Ret vil vinde, bør øve Ret.

Vi har ikke Tid til at ankre op;
vi videre fremad vil stevne.
For Norge os venter i sluttet Trop
og kræver vor Vilje og Evne.
Ja, fremad, fremad, til Seirens Dag
med Solskind signer vor vunne Sag.

Vi vil os et Land som er frelst og frit,
og ikke sin Frihed maa borge.
Vi vil os et Land som er mit og dit,
og dette vort Land heder Norge.
Og har vi ikke det Land endnu,
så skal vi vinde det, jeg og du.