Konsert Ryo Hødgegard fredag 18. august 2023

Konsert Ryo Hødgegard fredag 18. august 2023

Publisert av Fredrik Galtung den 14.07.23. Oppdatert 25.08.23.

Eg har lyst til å arrangere konsert med Sigrid Moldestad!

Om lag slik ordlagde Kristin Ryum seg til leiar i Sivlelaget Fredrik Galtung, som var på vitjing på Ryo i fjor sommar. - Ja tenk å fått høyrt «Den første song» her, svara Galtung.

No vert det slik, på garden der Susanna, mor til Per Sivle, vart fødd.

Sivle-lagsmedlem Kristin Ryum inviterer til ein unik konsert med Sigrid Moldestad på garden Ryo fredag 18. august kl 1630-2200.

I dialogen mellom Kristin og Sigrid, har det vore naturleg at knytinga mellom Ryo og mor til Per Sivle har vore i fokus, og det vil også setja preg på konserten - som har blitt kalla "Den fyrste song";

"Eg er utruleg stolt og glad for at Sigrid Moldestad med band vil koma. Konserten vil ha eit poetisk preg der Sigrid blant anna vel seg tekstar av Per Sivle, Jakob Sande og Jan Magnus Bruheim, ved sida av eit knippe av sine eigne.

Namnet på arrangementet skriv seg frå at mor til diktaren Per Sivle vaks opp på Ryo. Sivle er blant anna kjend for "Den fyrste song", eit dikt han skreiv med vage minner om ei mor som gjekk bort så altfor tidleg."


Sivle-laget ved Fredrik Galtung har bistått Kristin med innspel til planlegginga, og alle Sivle-vener oppfordras til å ta turen til Ryo Høgdegard for ei sjeldan oppleving!

Billetter til og meir informasjon om konserten finn du her: https://tikkio.com/tickets/39566-den-fyrste-song

Det er lagt opp til parkering ved Flåm kyrkje og fellestransport opp til Ryo (med mindre du ynskjer å gå turen opp/ned). Behov for transport må forhåndsbestillast saman med billetten på linken ovanfor.

Her finn du ein artikkel fra Aurlendingen i forkant av konserten:

 

Her finn du ein artikkel fra Sogn Avis etter konserten: