Årsmøte og Seminar på Stalheim Hotell

Helga 1- 2 september 2018

 

LAURDAG 1. SEPTEMBER

Årsmøtet går etter vanleg, fastlagt sakliste. (Sjå saklista)

Seminaret i år vert føredrag av pensjonert fyrstebibliotekar ved Universitet i Bergen, Jan Olav Gatland. Han vil fortelja historia om redaktør, bokhandlar og forleggjar Mons Litleré og samtida hans. Mons Litleré var mellom andre Per Sivle sin forleggjar. Han var også forleggjar for Knut Hamsun, Jens Tvedt, Rasmus Løland, Vetle Vislie, Anders Hovden, Hans Seland, Arne og Hulda Garborg og fleire. Jan Olav Gatland vil gje litt ekstra rom for Per Sivle. Vi vil også få eit bilete av samtida desse forfattarane levde i.

Etter årsmøte og seminaret vert det ein liten pause, før me samlast til ei omvisning på Stalheim Folkemuseum - Tønneberg samlinger www.stalheim.com/museum hotellet sitt eige museum, som ligg like ovanfor hotellet. Trygve Dugstad viser oss rundt.

Festkvelden vert i «Fyrdeslaoen», ein låve i museet som dei har laga til for gjestebod. Her vert det servert 3 retters middag og kulturinnslag. (Ta gjerne med ei varm jakka, det kan vera kjøligt om kvelden i ein låve, sjølv om dei har varmeovnar).

SUNDAG 2. SEPTEMBER

Vi samlast rundt Mor si grav på Oppheim gamle kyrkjegard. Deretter går vi opp til Oppheim gamle prestegard like ovanfor, der vi får ei omvising.

 

Lunsjen vert på Stalheim hotell.

Prisar

Enkeltrom: kr 950,- inklusive frukost. 

Dobbeltrom: kr 1500,- inklusive frukost.

Festmiddag med omvising på Stalheim Folkemuseum: Kr 495,- pr. pers.

 

Påmelding:

Bestilling av rom: Stalheim Hotell tlf.: 56 52 01 22, e-mail: info@stalheim.com eller på heimesida: https://www.stalheim.com

(stikkord: Sivle-laget)

PROGRAM FOR SEMINAR OG ÅRSMØTE LAURDAG 1. SEPTEMBER

kl.12.00    Frammøte, registrering og mat

kl.13.00    Opning av seminaret og årsmøtet v/ leiar

kl.13.15      Fyrstebibliotekar Jan Olav Gatland: ”Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré”

kl.14.15      Spørsmål og ordskifte

kl.14.45     Pause med kaffi/kake

kl.15.00    Prelansering av medlemsgaven, diktsamlingen "Den fyrste song, Lerka & andre skattar"

kl.15.30    Årsmøte

kl.17.00    Avslutning

kl.18.00    Frammøte i resepsjonen for omvisning i Stalheim Folkemuseum

kl.19.30    Middag med kulturinnslag

SAKLISTA PÅ ÅRSMØTE 2018

Sak 1        Opning

Sak 2        Konstituering: Val av ordstyrar, skrivar og to til å skriva under møtereferatet

Sak 3        Årsmelding

Sak 4        Rekneskap/budsjett

Sak 5        Digitalt verktøy v/ Fredrik Galtung

Sak 6        Arbeidsprogram

Sak 7        Medlemspengar 2019

Sak 8        Årsmøte/seminar 2019 – Tidspunkt og program

Sak 9        Val

Sak 10      Innkomne framlegg – må vera styret i hende innan 15. august.

                                       

PROGRAM SUNDAG 2. SEPTEMBER

kl.10.30    Vi kjøyrer til ”Mor si grav” der vi har ei kort samling

kl.11.30    Samling og omvising med foredrag på Oppheim gamle prestegard.

kl.13.00    Avslutning med lunsj på Stalheim Hotell

Påmelding til årsmøte/seminar innan 25. august til: post@sivlelaget.no

eller mob. Roald 950 96 102 

Viktig: Meld frå om du skal ha middag laurdagskveld og lunsj sundag.

 

Folk tingar og bet. hotellrom sjølve - pris:

Enkeltrom: kr 950,- inklusive frukost. 

Dobbeltrom: kr 1500,- inklusive frukost. "Sei at det gjeld Sivle-laget"

 

  • Seminar/årsmøte/lunsj er gratis for medlemmar

  • Ikkje medl. bet. kr. 250,- for seminar/årsmøte/lunsj

  • Middag om laurdagskvelden kr. 495,- pr. pers. inkl. Kulturkveld - Bet. til hotellet

  • Lunsj sundag kr. 250,- Bet. til hotellet