Sivle-kveld 26.02.2026

Sivle-kveld
i Biblioteket, Kolben kulturhus 26. februar 2026 kl. 19.00
“Sivle i liv og dikting, stubbar og song”
Eit program framført av sterke krefter frå Sivle-laget:

  • Jens Brekke, Vik i Sogn; forfattar, føredragshaldar, musikar, kåsør, fortel om Sivle og livsverket hans og framfører Vossastubbar som berre han kan!
  • Ingvild Bryn, frå Voss; nyhendeanker i Dagsrevyen, framifrå forsongar, pianist og programleiar, tek oss med i kjende Sivle-songar og noko av den nynorske songskatten.
  • Alv Reidar Dale, Granasogning på Hadeland, utlærd prest og no medhjelpar.

Follo mållag skipar til og tek ikkje ei krone i inngangspengar. Kaffi og biteti’.

Sjå heimesida til Sivle-laget for meir informasjon om Per Sivle og forfattarskapen hans – og meld deg gjerne inn i laget!

 

Detaljer

Dato torsdag 26. februar 2026
Klokkeslett 19:0020:30
Kalender Åpen kalender

Sted

Navn Kolben kulturhus
Adresse
Strandliveien 1
1410 KOLBOTN