Det eneste kjente manusskriptet av Per Sivle til "Den fyrste songen" har overskriften "Mor".
Historien bak det uekte femte vers.
Lytt til fremføringer av Den fyrste songen.
English version of "The first song".


Den fyrste songen
(Per Sivle)

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,
og kunde gråten stogga.

Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila,
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar.