Dette er det eneste kjente manuskriptet av Per Sivle til "Den fyrste songen" - hvor diktet hadde opprinnelig tittelen "Mor".

Mor (gjengitt fra manuskriptet ovenfor)
(Per Sivle)

Den fyrste song, eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke vek te hjarte gjekk
og kunde graaten stogga.

Dei sulla meg so undarleg,
so stillt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp fraa vaar vesle stova

Den vegen ser eg enno tidt,
naar eg fær auga kvila,
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

Og naar eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stillt fraa mor si grav
den song som all ting heilar.

I denne utgåva ser vi at "vek" er nytta i fyrste verset, men det har seinare blitt erstatta av "ord". Denne endringa får følgjer for forståinga av teksten.

Einar Ese har gitt følgjande kommentar: "Ordet "vek" er nemninga på ein tonestubb til dømes i ein slått. Ein liten unge i vogga vil ikkje først og fremst leggja merke til ordi, men derimot til tonane. Ordet "vek" skulle ikkje ha vorte bytt ut med "ord". Det er ei dårleg omsetjing og det gir ikkje uttrykk for det Sivle skreiv."