Han vart fødd i Flåm for 169 år sidan i dag– og mykje av det han skreiv, er framleis like aktuelt i vår tid.
Per Sivle levde eit utfordrande og altfor kort liv. Han var diktar, journalist og redaktør, og engasjerte seg i det meste som rørte seg i samtida hans. Per tok arbeidarane si side, kjempa for norsk sjølvstende frå unionen med Sverige og skreiv om fridomskampar langt utanfor Noregs grenser. Irland, Kuba, Finland og Sør-Afrika dukkar alle opp i forfattarskapen hans, for Sivle var saka alltid den same: den svake mot den sterke.
Han fekk ikkje oppleva unionsoppløysinga sjølv, då han døydde i september 1904 - ni månader før Noreg vart fritt.
I 2026 er Noreg inne i Totalforsvarsåret, og Sivle-laget har løfta fram korleis diktinga hans underbyggjer dette. Dikt som Varde, Tord Foleson og Vi vil os eit Land handlar om vilje, samhald og kva som krevst når det verkeleg gjeld - ikkje som store ord, men som val folk må ta. I grunnen ikkje så ulikt dagens situasjon og dei spørsmåla vi stiller oss no.
Utdrag frå diktet "Tord Foleson"Mannen kann siga; men Merket det maa
i Noreg si Jord som paa Stiklestad staa.
Sivle-laget arbeider for at fleire skal få oppdaga forfattarskapen hans, anten det er skuleborn som les Berre ein hund og Fante-Nils for fyrste gong, eller vaksne som vil forstå meir av kvar den norske sjølvstendekampen har røtene sine. På heimesida vår ligg dikt og forteljingar fritt tilgjengelege, og vi løfter fram Sivle i møte med vår eiga samtid.
Poenget er at Sivle er like relevant i dag. Han visste kva det vil seia å stå for noko, og skreiv om det så det framleis kjennest ekte.
Det er difor vi feirar han - år etter år.
170-årsmarkering i 2027
Neste år er det 170 år sidan Per Sivle vart fødd. Det kjem vi til å markera som seg høver. Følg med på nettsidene våre, og meld deg gjerne inn om du ikkje alt er medlem.